Speler som om kvar konsert er den siste

Dei fekk mange gode vener sist dei besøkte Florø. Om få dagar kjem irske Tupelo på gjenvisitt til Florø og spelar på Haavebua under Himmel & Hav-festen til helga. Her frå ein jamsession med innlagt matøkt i Gunhildvågen Nord i fjor. Frå venstre James Cramer, Kevin Duffy og rockeklubbens eigen Tor Hjalte.

Dei fekk mange gode vener sist dei besøkte Florø. Om få dagar kjem irske Tupelo på gjenvisitt til Florø og spelar på Haavebua under Himmel & Hav-festen til helga. Her frå ein jamsession med innlagt matøkt i Gunhildvågen Nord i fjor. Frå venstre James Cramer, Kevin Duffy og rockeklubbens eigen Tor Hjalte. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Tupelo dreg 50.000 på konsertane sine, men har ikkje gløymt den tida dei spelte for ingen.

DEL

Kvar konsert er unik. Bandet har ingen plan og inga speleliste.

– Vi veit ikkje sjølve kva låt som er den neste, seier vokalist og frontfigur i Tupelo, James Cramer med ein latter.

Det er få dagar til han og dei andre i det irske bandet skal lage bølger under Himmel & Hav-festivalen i Florø.

Spelte overalt

For å setje det på spissen: Før låg pengane i å sleppe plater. I dag slepp artistane plater for å ha materiale å turnere med.

– Det passar oss. Vi vil spele live for publikum.

Tupelo speler irsk musikk med eigen vri.

– Alt er forskjellig frå gong til gong. Eg syng annleis, og soloane er forskjellige. Det gjer at vi er skjerpa, og at konsertane får ein ekstra energi.

– Enkelte store band speler dei same låtane og fortel dei same vitsane kveld etter kveld. For meg verkar det sjellaust. Og gørr.

Gørr er fjernt frå Tupelo. Det demonstrerte dei på Himmel & Hav i fjor.

Dei drog opp instrumenta overalt. I ølkøen, på båten, på kaikanten. Dei jamma i lag med proffar og amatørar. Irar og nordmenn utveksla visearv til lyden av bølgeskvulp, med eit kontrabassriff på toppen.

Sidan den gong har Tupelo sleppt ep-en «Ballerina's call» og albumet «Push on». Responsen har vore overveldande. Albumet knalla rett inn som nummer 7 på den danske iTunes-lista og nummer 12 på den irske. Bandet er booka til flust av festivalar i Europa i sommar. Men det betyr ikkje at dei har fått stjernenykker.

Opp frå ingenting

– Vi lever for publikum. Vi speler når vi får ein sjanse. Det har med bakgrunnen vår å gjere. Vi har spelt oss opp frå ingenting. Vi kan ha 50.000 og 100.000 på store konsertscener, eller vi kan ha femti på ein båt. Vi speler berre hardare og betre, seier James Cramer.

– Vi kjem aldri til å forandre oss. I så fall hadde vi gjort det for lengst.

"Florø- og Dublin-publikumet

har til felles at dei er ville.

Dei likar å drikke og synge med."

James Cramer, Tupelo

James minnest den første tida i Dublin.

– Vi spelte for ingen, eller folk gadd ikkje å høyre på oss. Vi tar ingenting for gitt. Aldri gløym røtene dine, formanar James.

Tupelo vil gi publikum ein pause i kvardagen.

– Livet går opp og ned, men det skal vere gledeleg å høyre på musikk. Når ein går frå konserten, skal ein vere oppløfta, ikkje deprimert. Vi vil gi folk valuta for pengane. Dei har jobba hardt for løna, og dei skal føle at dei får noko att.

Florøfolk og irane

Irsk musikk funkar i Florø. Som om irane og florøværingane er to sider av same sak.

– Florø- og Dublin-publikumet har til felles at dei er ville. Dei likar å drikke og synge med. Dei sit ikkje og stirar på bandet med seriøse miner, men vil delta. Det er vi i bandet glade for. Artistar og publikum hentar næring hos kvarandre. Viss éin av partane har ein dårleg dag, så kan ein høyre det på musikken.

Går du glipp av helgas konsertar, så fortvil ikkje. Tupelo kjem attende to gonger til i løpet av sommaren. I juli speler dei i Vetvika i Bremanger, og i august blir dei å høyre på Blomsterhagen i Florø.

– De kjem til å bli møk lei oss innan sommaren er over, trur James.

Irske Tupelo ser du på Haavebua fredag 20. juni.

Artikkeltags