Gå til sidens hovedinnhold

Speidarar på nettet

Artikkelen er over 21 år gammel

Vi kan kanskje kjenne oss litt tryggare på Internett når vi veit at speidarar over heile verda er on-line. Laurdag var Florø FA-speidarane med på nettmøte i 12 stive timar.

FA- speidarane er Frelsesarmeen sin speidartropp i Florø. Med korrekte uniformer og det karakteristiske speidarskjerfet på plass, sat gjengen lenka fast til skjermane frå ti om morgonen til seine kvelden på datarommet på Flora vidaregåande skule.

– Speidarane har eigne serverar og eit eige nettverk via Mirc på Internett. Det er kjempegøy å kunne prate med speidarar over heile verda på denne måten. Det er interessant å få vite kva dei andre driv med, seier Erlend Klakegg Bergheim, som er gradert som rover og er leiar for dei yngre i FA-speidaren. Sjølv går han første året på vidaregåande skule og er den som har teke initiativet til dette arrangementet som han kallar "JOTI"- eller Jamboree on the Internett.

– Slike opplegg er ikkje noko nytt i speidaren. Før hadde vi JOTA- Jamboree on the air, der vi snakka saman via radiosamband, forklarer han.

– Er ikkje både speidaren og nettmøte mest for gutar?
– Nei, det har vore det, men no har vi fått nesten like mange jenter som gutar med i troppen for dei yngste, seier han.
– Kor stor rolle spelar religionen i speidararbeidet?
– Det er basisen for det vi driv med, men har ikkje noko dominerande rolle. Vi driv med ulike aktivitetar, turar i skog og mark og knyter knutar som andre speidarar. Vi har mykje moro, så dette kan eg trygt anbefale dei unge å vere med på, avsluttar han.