Feirar 4H-stempel med familiedag og open gard

Soldalen besøksgard 4H

Soldalen besøksgard 4H Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Soldalen besøksgard er no godkjent som den sjette 4H-garden i fylket. Søndag 17. juni inviterer Tonje Terøy til open familiedag for å feire godkjenninga.

DEL

– Det har vore ei utfordrande og spennande tid med særs bratt læringskurve! Tidlegare i vår fekk besøksgarden Inn på tunet-godkjenning, og no har den blitt godkjent 4H-gard, fortel Tonje Terøy (34), dagleg leiar ved Soldalen Besøksgård.

Tonje starta på jobben med å opne ein besøksgard i oktober for to år sidan, og garden har fått ei totaloppussing.

– Dei besøkande får helse på alle dei kjekke, tamme dyra våre. Dei kan få lære, fóre og kose med dei, og få sjansen til å ri på hestane. Her er det aktivitetar, leik og kiosk, fortel ho.

Med på markeringa er sjølvsagt òg 4H-klubbane i Florø.

Meistringskjensle

Tonje har spesialkompetanse innanfor riding for funksjonshemma, i tillegg til å vere utdanna kokk. Ho har tidlegare både drive rideskule og spisestad, før ho retta fullt fokus mot Soldalen.

– Eg ville vidareføre gardsdrifta på familiegarden til mannen min. Håpet er å kunne tilby ein alternativ læringsarena som kan gje meistringskjensle og livsglede, særleg for dei som treng det mest – og til folk flest.

– Samværet med dyra har ein kjend positiv effekt på oss menneske, og dette er noko eg vil dele med så mange som mogleg.

(Saka held fram under bildet)

Open dag og fritidsaktivitetar

Soldalen besøksgard har open gard ein søndag i månaden, samt tundag kvar søndag, der alle som vil kan bruke tunet på garden.

– Utfordringa framover blir å ha nok kundar til at økonomien blir berekraftig. Vi lever jo av besøkande som betalar, til forskjell frå dei fleste gardar som har inntekta frå matproduksjon. Eg er svært takksam for den gode responsen frå Florø-folket, seier ho.

Besøksgarden, som opna i august 2017, tek også imot besøkande til bursdagar og andre arrangement, gruppebesøk frå skular og barnehagar og tilbyr ridetimar og gardsveker i feriane. I tillegg er det grupper som har fritidsaktivitetar på garden kvar veke, og avtalar om tilbod innan helse og omsorg.

– Det er veldig mange smil å sjå blant dei besøkande på garden, og det gler meg stort. Eg håpar og trur at dei vil halde fram med å komme til garden i Soldalen, og håpar mange tek turen under opninga, seier ho.

Artikkeltags