Kolbjørn er klar med eit storverk om arkitekturen i fylket

Kolbjørn Nesje Nybø, her under rådhusdebatten på Vesle Kinn i regi av Florø Bys Vel i januar i år.

Kolbjørn Nesje Nybø, her under rådhusdebatten på Vesle Kinn i regi av Florø Bys Vel i januar i år. Foto:

FLORØ: No er arkitekt Kolbjørn Nesje Nybø frå Florø klar med eit nesten tre kilo tungt verk om 500 hus og bygningsmiljø i Sogn og Fjordane.

DEL

Over 500 hus og bygningsmiljø, 664 sider i stort format og 2,8 kg bok. Det er nokre nøkkeltal for den nye boka «Husa våre - Arkitekturarven i Sogn og Fjordane», som kjem ut i desse dagar.

- Dette er den største boka vi har gitt ut nokon gong, seier Torkjell Djupedal i Selja Forlag, som også er redaktør for boka. Forfattar er arkitekt Kolbjørn Nesje Nybø.

Sjølv om Sogn og Fjordane er eit grisgrendt fylke, kan fylket by på noko av det fremste innan norsk arkitektur, både av gammalt og nytt. Eldst er Urnes stavkyrkje frå 1130, som er den einaste norske enkeltbygning på verdsarvlista. Slik sett kan ein seie at i Sogn og Fjordane står det viktigaste norske bidraget til verdsarkitekturen.

Vanskeleg utval

Og i andre enden av tidsskalaen er Tungestølen turisthytte, som vart opna av dronning Sonja i september i år. Hytta er teikna av det verdskjende arkitektfirmaet Snøhetta.

- Det har vore vanskeleg å plukke husa som vart med i boka, for Sogn og Fjordane har svært mange viktige og interessante hus og bygningsmiljø. Vi har lagt vekt på hus som er lite endra frå dei vart bygde, og å få med hus av alle slag og frå alle tidsperiodar med god geografisk spreiing i fylket. Heile vegen prøver vi å setje byggeskikken og arkitekturen i fylket inn ein større samanheng. Fylket har aldri vore isolert, og byggherrar, handverkarar og arkitektar har skapt hus og bygningsmiljø som er interessante for alle som er opptekne av norsk arkitektur og kulturhistorie, seier Kolbjørn Nesje Nybø.

Alle våre freda hus

Han fortel at boka inneheld alle freda hus i Sogn og Fjordane, og dessutan alle kyrkjer, alle fyr, og eit rikt utval av skular, rådhus, ungdomshus, butikkar, fabrikkar, kraftstasjonar, bankar, villaer, bustadhus, turisthytter, hotell, prestegardar, embetsmannshus, løer, gardshus, sjøhus, flyplassar, posthus, sjukehus – og til og med ein freda bensinstasjon i Skjolden inst i Sogn.

I tillegg er fleire tettstader og bygningsmiljø omtala, til dømes Lærdalsøyri, Høyanger, Florø, Førde, Kalvåg, Måløy og Eidsgata på Nordfjordeid.

- Vi er særleg opptekne av kven som har teikna og bygd alle husa, seier Nybø, som har skrive eigen omtale av kring 150 arkitektar og byggmeistrar.

Kolbjørn Nesje Nybø (f. 1958) er forfattar av boka, er sivilarkitekt og amanuensis ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo. Han har undervist i norsk arkitekturhistorie i ei årrekkje, og har vore med å skrive fleire bøker og artiklar innan dette fagfeltet. Torkjell Djupedal (f. 1957) er forleggjar i Selja Forlag og redaktør for boka.

Artikkeltags