På slagmarka mellom yogamattene

Frå "Yogakrigen", Sogn og Fjordane Teater sitt stykke.

Frå "Yogakrigen", Sogn og Fjordane Teater sitt stykke. Foto:

DEL

Laurdag kjem Sogn og Fjordane Teater til Florø med stykket "Yogakrigen". Første framsyninga er utseld, så no er det sett opp ei ekstraframsyning. Det er berre 64 plassar på kvar framsyning fordi "Yogakrigen" vert spelt i blackbox-format.

Å bruke orda "yoga" og "krig" i same setning får ein til å stoppe opp. Yoga er då så langt frå krig ein kan komme? Er ikkje det audmjukt bøygde hovud og "namasté" og milde mennesker som er gode nok uansett? Jau, det er det også. Men Ingrid Jørgensen Dragland, som har skrive stykket, ser for seg at samstundes med at kvinnene (ja, for nitti prosent av dei som går på yoga, er kvinner) strekker roleg ut på matta, pågår det ein krig i tankane deira.

Dei fem damene vi møter i stykket kjem inn i yogarommet med kvar sin bagasje - slik vi jo alle gjer: Ei er åleinemor med trong økonomi, som har fått ein gratis prøvetime. Ei har ei positiv tilnærming til det aller meste. Og yogainstruktøren sjølv har minst ro av dei alle.

"Ein og annan hjernepromp slepp ufrivillig ut. Og ingenting er vel meir morosamt enn ufrivillige hjerneprompar," heiter det i teaterets omtale av stykket.

Vil du finne ut av det sjølv, er det altså moglegheiter kommande laurdag. Og her kan du lese Firda si melding av stykket:

Kven av dei er du? 

Artikkeltags