Laurdag 2. april lanserer Sogn og Fjordane Skrivelag sin nyaste antologi - «Sukkersalta Pepar» - i Førde i kjellaren på Røde Kors-bygget.

Boka inneheld bidrag frå 21 kjende og ukjende forfattarar frå skrivelaget. Blant desse finn du Rolf Losnegård, Kjartan Hatløy og May Grethe Lerum. Laura-Marie Fure, Elsa Norunn Håheim Nydal, Helge Årøen og Ingrid Bjørkum har site i redaksjon for «Sukkersalta pepar». Redaksjonen fikk inn 45 tekstar og dei ende opp med ein antologi med tekstar frå 20 av skrivelaget sine medlemmar. Framsida på antologien er designa av Sigrunn Mehl, som er medieelev ved Hafstad vidaregåande skule.

Boklanseringa er også ei jubileumssamling som markerer at drygt 30 år har gått sidan Sogn og Fjordane Skrivelag vart etablert i 1985.

Dette blir feira mellom anna med bokbad på Pikant, der Marit Bendz samtaler med Knut Magnussen om hans seinaste bok. Det vert òg høve til å følge foredrag av Marit Bendz og Selja forlag i Røde Kors-bygget.

Det heile vert avslutta med jubileumsmiddag i «Gamlebanken» - og alle arrangementa er opne for alle.

Sidan etableringa har skrivelaget hatt jamn aktivitet med skrivekurs kvart år, antologiutgjevingar og skrivekonkurranser. Av dei som har vore medlemmar eller kursdeltakarar opp gjennom åra, er det mange som i dag er etablerte forfattarar.