Slepp orangutwangen laus i Allhuset

Steinar Karlsen

Steinar Karlsen Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Laurdag kveld slepp Steinar Karlsen laus Orangutwang-orkesteret sitt på scena i Allhuset i Eikefjord.

DEL

Bygdas store helt og meister over seks gitarstrengar, Steinar Karlsen, er klar med si andre soloplate, "Hanens død."

Med seg i Orangutwangorkesteret har han Kåre Opheim på trommer og Morten Skage på bass. Trioen har den siste veka vore på ein liten platesleppturnè, ingenting er meir naturleg enn å avslutte denne runden i Karlsen si heimbygd, Eikefjord.

Det nye albumet "Hanens Død" kom i butikkane 11. januar, og har allereie hausta lovord hjå kritikarane.

Platearbeidaren Roald Hansen i Firdaposten gjev plata terningkast fem.

Og Øyvind Pharo i Dag og Tid omtalar plata slik; "eit soundtrack for ein westernfilm som ikkje er laga enno". Omgrepet "twang" viser til ein spesiell type lyd og vibrato vibrerande gitarstrenger og er gjerne utført på karakteristiske gitartypar av merke Gretsch, Epiphone eller Fender. Soloplatene til Karlsen inneheld stort sett instrumental gitarmusikk.

Karlsen, som og er coverdesigner, har denne gong produsert albumet saman med Yngve Sætre (produsent for bl.a. Dumdum Boys, Delillos, Datarock og Real Ones).

Konserten på laurdag er sett saman av Steinar Karlsen sine to soloalbum, "Ulydium" og det ferske "Hanens Død".

Sjå musikkvideoen til "Trojansk" her! (animert av Steinar Karlsen)

Artikkeltags