Skambankt brygger eige Kinn-øl til ny singel

PANZER-ØL: Hans «Hanz Panzer» Løe i Skambankt og bryggermeister Espen Lothe.

PANZER-ØL: Hans «Hanz Panzer» Løe i Skambankt og bryggermeister Espen Lothe. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Kor går eitt av dei største hardrockbanda i Norge når dei skal produsere sitt eige øl? Til Kinn Bryggeri i Florø, sjølvsagt.

DEL

Men dei klistrar ikkje berre ein Skambankt-logo på ei Kinn Jubileum-flaske. Nei, på ingen måte. Skambankt-gitarist Hans Egil Løe, også kjend som «Hanz Panzer», har nemleg delteke i heile prosessen med ølet som skal få namnet etter deira komande singel «Voodoo». Og det heilt frå val av humlesort til mesking.

- Brygger veldig godt øl

Men det er ingen tilfelle at dei vel å brygge sitt eige øl ved Kinn Bryggeri. For som bryggjarmeister Espen Lothe er Hanz Panzer meir enn gjennomsnittleg oppteken av brygging av godt øl. Og florøbryggjeriet skil seg positivt ut i mengda.

- Kinn Bryggeri er det bryggeriet i Norge som er mest «rock n’ roll». Espen brygger veldig godt øl, og brygger på heilt andre måtar enn alle andre, understreka gitaristen måndag, då han var i Florø for vere med på produksjonen av Voodo-ølet.

  • Skambankt-medlemmene smakte mellom anna Kinn-ølet då dei spelte konsert på Hagen i 2010: Skamtrangt

Svart indian pale ale

I tillegg er bryggjarmeister Espen Lothe fan av «Skambankt», så då bandet ringde han og spurde om det var mogleg å få brygge eit Skambankt-øl, var svaret enkelt.

- Sjølvsagt! Men eg hadde nok ikkje vore like interessert om det var Jahn Teigen som spurde, ler bryggjarmeisteren og legg til:

- Eg har veldig sans for musikken deira, spesielt haldninga deira dei er kompromisslause, seier Lothe.

Etter litt diskusjon mellom Løe og Lothe har dei landa på ein indian pale ale, ein øltype som oppstod på vestkysten av USA. Men det skal bli ein svart versjon av det elles så bleike ølet. Malten har nemleg innslag av brente korn, difor kan den nesten sjå ut som ein stout i farge.

Utelukkar ikkje konsert

I alt skal Kinn Bryggeri tappe kring 2200 liter Voodo-øl både på flaske og på fat. Arbeidet skal vere ferdig til månadsskiftet. Ølet skal nemleg sleppast samstundes som den nye singelen deira.

Men Voodo kjem ikkje i butikkane. Det skal serverast ved konsertar og andre arrangement bandet er med på. Men om det blir servert under ein konsert i Florø, det kan ikkje gitaristen svare på.

- Det er det for tidleg å seie. Vi er berre så smått i gang med å planlegge turneen til neste år. Vi får sjå om vi kjem attende til Florø, smiler Hanz Panzer.

Artikkeltags