Siste kapittel for Bokdykk

 Michael Dorfman, Silje Jansen Nybø og Terje Hellesen har stått på for å gjere nettbokhandelen Bokdykk lønsam. Men til slutt måtte eigarane kaste korta.

Michael Dorfman, Silje Jansen Nybø og Terje Hellesen har stått på for å gjere nettbokhandelen Bokdykk lønsam. Men til slutt måtte eigarane kaste korta. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Den nynorske nettbokhandelen i Florø er konkurs.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Nettbokhandelen Bokdykk er konkurs. Det stadfestar Trond Økland overfor NRK Sogn og Fjordane.

Økland, som både har vore medeigar og delteke i oppbygginga av landets einaste nynorske nettbokhandel, seier det er med tungt hjarte dei no legg ned drifta. Konkursen vil også råke barnebokklubben Blåmann.

2,5 årsverk har vore knytt til drifta av Bokdykk. Men ein har aldri lukkast å få opp volumet så høgt at drifta har gått rundt, og økonomien har vore dårleg lenge. Også i 2009 var verksemda nær konkurs.

Økland peikar på ein tøff marknad som hovudårsak, og ser i etterpåklokskapens lys at dei kanskje skulle profilert seg endå tyngre inn mot nynorskmiljøa, for å gje verksemda ein tydelegare profil.

Artikkeltags