Både Kinnaspelet og oljebasen såg dagens lys i 1985, og sidan tidleg 90-tal har Saga Fjordbase vore med på laget som viktig sponsor. Når dei to sjefane, høvesvis Gustav Johan Nydal frå spelet og Erlend Toftesund frå Saga Fjordbase no signerte ny avtale, forpliktar Saga Fjordbase seg til å støtte spelet med 225.000 kroner over tre år.
– Vi vidarefører ein tradisjon, kommenterer Toftesund.
– Dette er den lengstlevande sponsoravtalen vi har; Saga Fjordbase er ein viktig støttespelar, sler Nydal fast.
Han seier vidare at avtalen er med på å sørge for at spelet har eit økonomisk fundament.
– Vi har eit budsjett på bortimot to millionar kroner, og det er berre halvparten av det vi greier å dra inn via billettinntektene. 250 kroner av billetten brukar vi på frakte folk til og frå.
Spelet får også noko offentleg støtte frå kommune og fylke, pluss at dei årleg søker Spelfondet om pengar.
I år får spelet både lokal regissør og hovudrolleinnehavar.

"Dette spelet er det eg som styrer" - Oda blir den første lokale regissøren på Kinnaspelet