Odd Nordstoga-konserten på søndag krasja med VM-finalen. No opnar Rockweekend fotballpub.

Rockweekend toppa avslutningskonserten med Odd Nordstoga med VM-finale på storskjerm.  Her ser vi Nina Grotle, Hilde Hauge, Roger Igland og Mary Jane Matthewa Varpe.

Rockweekend toppa avslutningskonserten med Odd Nordstoga med VM-finale på storskjerm. Her ser vi Nina Grotle, Hilde Hauge, Roger Igland og Mary Jane Matthewa Varpe. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Ny konsertstart vert 19:30.

DEL

Det kom Rockweekend-arrangørane for øyre at Odd Nordstoga konserten førstkommande søndag stod i fare for å kollidere med VM-finalen. Finalen som byrjar klokka fem søndag ettermiddag kunne, om det vert straffekonkurransar og tilleggstid, vare lenger enn den planlagte konsertstarten klokka sju. Det ville ikkje Rockweekend-styret risikere. I staden flyttar den konserten, og opnar fotballpub i same slengen.

– Vi opnar dørene klokka 16:30 med storskjerm og servering av Havly i hallen, seier Roger Igland, og legg til:

– På same tid forskyv vi konsertstart fram ein halvtime. Slik kan folk få i både pose og sekk, og feire VM-slutt med god, norsk musikk, seier Igland.

Torsdag byrjar moroa

Rockweekend i Bremanger byrjar allereie torsdag. Då skal veteranmusikaren Atle Skaar spele på klubbkveld på Havly. Saman med Skaar, som har førti års fartstid i musikkbransjen, varme han opp med lokale musikarar.

Les også: Han slo den første akkorden på Havly i 1982. No er han tilbake for å varme opp Rockweekend

Fredag er det Stjernekamp-vinnar Adam Douglas som speler opp – men den konserten har vore utseld i lang tid. Han er tilbake i Bremanger der musikkreisa han byrja i Norge for mange år sidan. Håpar du på tredagarsfestivalpass er du også for seint ute.

Les også: Vil du høyre han live må du hive deg rundt

– Det er nok mange no som angrar på at dei venta for lenge med å sikre seg desse billettane, seier Igland.

Laurdag speler Hayseed og Rufus Black. Der er det knappe hundre billettar att.

Les også: Rockweekend med stramme tøyler

Lokalderby på Iglandsvik

Men det er ikkje berre musikk på kveldstid på Rockweekend. Laurdag føremiddag er det gratiskonsert på Iglandssanden bak Joker med unge og nye artistar. Medan du er der kan du få med deg det nye i år: Eit ekte lokalderby på Iglandsvik. Det vert regatta med der speaker John Ove Bratset skal piske opp stemninga. For når klokka nærmar seg to skal iglendarar, haugarar, førsarar, grotlerar, torvangarar og dalarar slåst om ære og gjetord.

– Det seier seg sjølv at det vert eit stort nederlag for grotlarar om dei tapar for mannskapet frå Dalen, slår Igland fast.

Artikkeltags