Vil du høyre han live må du hive deg rundt

Adam Douglas - Stjernekamp NRK

Adam Douglas - Stjernekamp NRK Foto:

– Klubbkonserten med Adam Douglas er snart utselt! Det er eit betre førehandssal enn vi har hatt nokon gong før, seier Roger Igland i Rockweekend.

DEL

Rockweekend vert i år arrangert 13–15 juli, og dei som ønsker å få med seg konserthelga i Bremanger har allereie byrja å sikre seg billettar. Fredagens trekkplaster er Stjernekamp-vinnar Adam Douglas Band. Artisten Helena Tjelle Leinebø skal varme opp.

– Klubbkonserten er snart utselt! Det er eit betre førehandssal enn i har hatt nokon gong før, seier Roger Igland i Rockweekend.

– Les også: Adam skal løfte Rockweekend-taket

Litt betre plass er det på Havly-konserten laurdag med Rufus Black og Hayseed. Rufus Black Band har spelt på arenaer som The O2-Arena, The Albert Hall og ei mengd større festivalar.

Store-Odden toppar årets kransekake under Rockweekend på søndagskonserten i storhallen på Hauge. Han skal fylle Bremangerhallen med bandet sitt og den kritikarroste konserten «Kløyvd». Vår store «nasjonalskald» var sist i Bremanger når han var student i Bergen med bandet «Something Odd».

Festivalcampen ligg på Iglandsvik Marina i Ytre Bremanger. Der har gjengen i Rockweekend har jobba for å få på plass eit større og betre område for dei som vil pakke med seg telt og sovepose.

– Vi har oppgradert området og utvida, slik at sommarens Rockweekend blir dette ein grøn og fin park perfekt for glade festivalgjengarar som vil bu i telt. Så er det gjestebrygge, bubilcamp og servicebygg like ved, lovar Roger Igland om den nye festivalcampen, og legg til.

– Dessutan er det berre fem minutt å gå til festivalområdet på Havly, seier han.

Artikkeltags