I dag kjem sjølvaste Pulverheksa til Florø

Pulverheksa og vennene hennes, Riksteatret, 2017. Regi: Ivar Tindberg. Scenograf: Christine Lohre. Komponist og lyddesigner: Geir Holmsen. Dukkedesigner: Grete Larssen. Lysdesigner: Stephen Rolfe. Dramatiker: Tine Thomassen. Produsent: Anita Basmo Bjørnstad. Skuespiller: Maj Britt Andersen. Dukkespillere: Janne Starup Bønes, Jørn Morstad, Haakon Strøm.

Pulverheksa og vennene hennes, Riksteatret, 2017. Regi: Ivar Tindberg. Scenograf: Christine Lohre. Komponist og lyddesigner: Geir Holmsen. Dukkedesigner: Grete Larssen. Lysdesigner: Stephen Rolfe. Dramatiker: Tine Thomassen. Produsent: Anita Basmo Bjørnstad. Skuespiller: Maj Britt Andersen. Dukkespillere: Janne Starup Bønes, Jørn Morstad, Haakon Strøm. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Pulverheksa og Mai Britt Andersen kjem til Flora samfunnshus med ei heilt ny framsyning, med alle figurane vi kjenner frå Pulverskogen.

DEL

I kveld står den barnekjære Spellemannspris-vinnaren Maj Britt Andersen på scena i Florø som Pulverheksa, i ei ny, varm og fargerik framsyning.

Sjå trailer lengre nede.

Alle gler seg til det store ballet hos Drømmeprinsen. Men ... alt er ikkje som det pleier å vere i Pulverskogen. Tjuven er blitt sint på Politimannen og vil ikkje vere tjuv lenger. Og Politimannen er sur på Tjuven fordi han blir arbeidsledig når ikke Tjuven vil vere tjuv. Ingen av dei vil komme på ball viss den andre kjem. Og Krokodilla gruar seg til vinteren, så han lurer på om han skal flytte til Afrika.

Alt dette gjer Drømmeprinsen så trist at han ikkje vil vere drømmeprins meir. Dessutan er det ein diger, skummel skikkelse som beveger seg mellom trea og set store fotspor overalt, og gjer alle redde. Kva er det som skjer i Pulverskogen? Blir det ikkje fest? Alt var jo så bra i verdas finaste Pulverskog. Kanskje Pulverheksa kan hjelpe?

Det er Riksteatret som er på turné med framsyninga og som ønsker små og store velkommen til teaterframsyning laurdag kveld.

Artikkeltags