Honningsvågrevyen er ein av Norges mest kjende lokalrevyar, og har opplevt stor suksess på årets turné sørover i landet. I Trondheim spelte dei for to fulle salar. Dei var også utseld i Namsos, på Chat Noir, i Kolben kulturhus, på Lillestrøm kultursenter, i Bjørnsonhuset i Molde, og dei måtte setje opp ei ekstra forestilling på Festiviteten i Kristiansund. Torsdag kjem dei til Florø.

Enorm respons

– Responsen på "Ja takk edle deler"-showet vårt har vore fantastisk. Vi har hatt fulle hus nedover stort sett heile landet. Vi hadde eigentleg tenkt å turnere med denne revyen i eitt år, men bookinga tok heilt av. Vi må køyre den i over to år for å få med oss alle plassane.

Det seier Frank Arne Olsen i Honningsvågrevyen, også kjent som karakteren Kliff Arne, berre dagar før dei kjem til kystbyen lengst vest i landet.

Honningsvågrevyen er det einaste lokale revylaget som reiser rundt i landet på turné, og det har dei gjort utan statsstøtte eller bidrag i 18 år snart. Det er 25 år sidan Honningsvågrevyen vart stifta.

– Vi er glade amatørar som trivest med å reise rundt i lag, seier Frank Arne.

Ramsalt humor

Og det er nettopp den gleda mellom revymedlemmene som er nøkkelen til at humoren deira smittar over på så mange av publikumarane.

– Når du får samla ein gjeng med god kjemi, blir det kjekt. Vi sit og tullar i turnébussen og på bakrommet, som igjen er med på å skape nye sketsjar. Vi har det kjekt med det vi driv med. Men det er samstundes seriøst, for det krevst mykje øving å spele revy. Og vi har veldig fokus på at vi også skal ha eit høgt, musikalsk nivå.

"Ja takk - edle deler" er eit show med berre nye nummer. Men nokre av dei gamle figurane følgjer sjølvsagt med på lasset. Kliff Arne blir vi ikkje kvitt, eit og anna etnisk innslag med særegne hovudplagg vil nok også komme. I tillegg kan vi vente oss parodiar av kjende artistar og menneske i posisjonar.

 

– Vil ikkje støte nokon

Honningsvågrevyen er kjend for på-kanten-humor, og harselerer med både samar og kongen. Men det er gjennomtenkt på kanten.

– For 25 år sidan, då vi byrja med Honningsvågrevyen, var eg på eit revy-skrivekurs med Andreas Diesen. Eg lærte ikkje så mykje, men det er ein ting Diesen sa som eg beit meg merke i: "Du kan fleipe med kva du vil, og kven du vil, men la den du fleipar med vinne situasjonen." Det er viktig å ikkje støte nokon, til dømes samane som vi fleiper med i sketsjane våre. Vi vurderte å ta ut samane frå manus ei stund, etter at fleire reagerte. Men det samiske er kring oss og ein viktig del av Honningsvågssamfunnet, det ville vore pussig å ta samane ut. Så vi fleiper framleis med samane, og kongen og narvikarar – men dei vinn alltid situasjonen, seier Frank Arne Olsen.