Så fort Kinnaspelet er over, blir kyrkja pakka inn

No skal Flora kommunes kanskje største kulturskatt få gjort mykje etterlengta vedlikehald. Så snart Kinnaspelet er over i juni startar arbeidet opp, er planen.

No skal Flora kommunes kanskje største kulturskatt få gjort mykje etterlengta vedlikehald. Så snart Kinnaspelet er over i juni startar arbeidet opp, er planen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Forsvarsbygg har på vegne av Flora kommune no lagt ut anbod på Doffin for istandsetting av Kinnakyrkja, og arbeidet inkluderer murarbeid, taktekking, og golv- og vindaugsrestaurering. Firdaposten skreiv først om denne oppussinga i fjor sommar.

Ein tilstandsanalyse utført av Forsvarsbygg i 2016, munna ut i ein rapport med ei rekke tilrådde tiltak. Edvin Helgheim, Flora kommune sin prosjektleiar for oppussinga, fortalde Firdaposten i fjor at dette blir den største restaureringa av kyrkja på 105 år.

I anbodet kan ein lese at det er omfattande arbeid som no skal utførast: Laus og dårleg murpuss og sementreparasjonar inne og ute skal vekk. Den utvendige pussen og fugene skal fornyast med kalkmørtel og vindauge og dørar skal settast i stand. Det vakre skifertaket skal tekkast om med mest mogleg gjenbruk av steinen som ligg der. Innvendig skal veggane pussast og kalkast og lokale roteskadar i golvet utbetrast, mellom anna.

Frå 19. juni får entreprenøren starte opp med tilrigging og utvendig stillas, og starte opp utvendige arbeid. Kyrkja skal være open ut juli, så inngangen må difor sikrast for publikum.
Frå 1. august vil tildekking av interiør starte opp, og frå 1. september kan entreprenøren starte opp innvendig.

Innan 01. juni 2021 skal arbeidet være avslutta.

Kinnaspelet i år går laurdag 16. og søndag 17. juni, og vert dermed ikkje påverka av arbeidet.

Her kan du sjå ein liten bildeserie frå i fjor då Firdaposten var på Kinn og jakta på sola i Kinnaklova.

Artikkeltags