Det er tre døgn att til messe

Berre rundt halvparten av korsongarane var til stades under øvinga tysdag. – Høyrer du kor klokkereint dei syng? Det er ikkje fordi dei er handplukka, det er fordi dei har jobba jævla hardt, slår Eirik Husabø fast, stolt på koret sine vegne. Foto: Liv Standal

Berre rundt halvparten av korsongarane var til stades under øvinga tysdag. – Høyrer du kor klokkereint dei syng? Det er ikkje fordi dei er handplukka, det er fordi dei har jobba jævla hardt, slår Eirik Husabø fast, stolt på koret sine vegne. Foto: Liv Standal

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Laurdag ringlar lokkeklare røyster gjennom mørket i den gamle røyrleggarhallen på Westcon.

Sannsynlegvis vil dei gi deg gåsehud.

– Suveren frivilligheit!

Då må alt vere på tipptopp, ikkje berre stemmer og samspel, men all logistikken rundt det å ta i mot - forhåpenlegvis - fleire hundre menneske, må også vere på stell.

Det er Barbro Furset frå Byen Vår Florø sitt gebet, men ho nyttar først og fremst høvet til å skryte av dei ho har rundt seg.

– Gjengen i koret gjer ein fantastisk innsats - ikkje berre på scenen, men også med alt mogleg som må gjerast, og er mykje av grunnen til at vi er godt føre skjema med førebuingane. Dei viser ei suveren frivilligheit!

Rigging av stillas. Hente eit tresifra tal stolar, nokre frå storhallen, andre frå kantina på Westcon, og få dei på plass. Hente og få på plass alle sceneelementa. Alt skal gjerast før vi andre kan innta plassane våre og nyte.

Også vertskapet, eller skal vi seie verftskapet, har gjort ein kjempeinnsats for å få framsyninga trygt i hamn.

– Første gong eg var inn her vart eg litt motlaus. Vi måtte omtrent presse oss sidelengs inn mellom alt som låg lagra her. Halvannan veke etter var det strøkent, seier Barbro og bekriv korleis dei som jobbar på Westcon heile tida har vore lydhøyre for produsenten sine ønskjer:

– Dei har sveisa saman utstyr til oss, dei har lånt oss truckar og alt vi har hatt bruk for.

– Eg har blitt betre motteken her enn i nokon konsertsal, supplerer Husabø.

Vil skape noko unikt

Det har blitt både sagt og skrive at dette blir noko ein ikkje har opplevd før i Florø. Komponist Eirik Husabø seier det slik:

– Folk reiser til Oslo for å gå i operaen. Men kor mange høyrer på opera heime hos seg sjølv? Opera er sjølvsagt ikkje det same når du høyrer det gjennom radioen på kjøkkenet. Det er opplevinga og stemninga folk ønskjer seg, og det er det vi vil prøve å gi dei her.

Furset vedgår at dei gjerne skulle sett at folk var litt kjappare med å kjøpe billettar, sjølv om det har løysna litt siste tida.

– Alle seier «Ja, klart vi skal!» Men ser vi at vi må skaffe fleire stolar, er det litt seint å byrje med det fredag kveld...

Artikkeltags