Publikumsrekord på Utkant

Sturla Ellingvåg og Øyvind Årdal stuper ut i sjøen idet Lars Vaular går på scena.

Sturla Ellingvåg og Øyvind Årdal stuper ut i sjøen idet Lars Vaular går på scena. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Publikumsrekord og sydenstemning gjennom heile helga.

DEL

- Dette må jo vere hundreårets helg. Eg tviler på at vi nokosinne kan toppe dette, seier ein strålande nøgd festivalsjef.

Heile 14.300 publikummere har vore innom Utkant i løpet av festivalens fire dagar.

- Ord blir rett og slett fattige. Det har vore magisk. Det har vore feitt. Det har vore helt konge!, konstaterer Viggo Randal.

Les også: BILDE: Sjå blinkskota frå Utkant

- Alt har klaffa

Med artistar som Sivert Høyem, Ida Maria, CC Cowboys og Kari Bremnes på plakaten har Utkant trekt publikum frå hele landet til den vesle holmen ytst i Sogn og Fjordane.

Arrangørane fortel om smekkfull båthamn heile helga, topp stemning på teltcampen og fulle bussar og båtar som fraktar festivalpublikummere til og frå.

- Alt har klaffa i år. Vi har hatt ei helg vi berre kunne drøyme om å få oppleve. Vi har kost oss, publikum har kost seg og artistane elskar å vere her. De vil jo faktisk ikkje reise heim etter at dei er ferdige på scenen og ber pent om å få lov til å bli på festivalen, seier Randal.

Les også: BILDE 2: Sjå blinkskota frå Utkant

Avslutta med eit smell

- Eg treng vel ikkje å fortelje dykk at dette er fantastisk. Dykk er jo her, så dykk veit jo at dykk må vere på ein av verdas vakraste stader. Men uansett, dette er berre så vanvitig fint, sa Erlend Ropstad frå scenen til publikummet som koste seg i solsteiken framfor kongestatuen. Visesongaren frå Sørlandet gjekk på stormscenen før Lars Vaular fekk det til å koke i heile amfiet.

Ida Maria avslutta årets Utkant med eit fyrverkeri av ein konsert iført berre bikini. Og som seg høyr og bør etter tidenes festhelg, då ho gjekk i gang med siste låten fyrte arrangørane på med eit herleg fyrverkeri skote opp frå båt på fjorden bak scenen.

Artikkeltags