Store endringar ventar i livet til ”kystens basun” som avisa Firda ein gong kalla dåverande Firdaposten-redaktør, Jan Atle Stang. Han er berre timar unna å verte farfar. Og ny jobb ventar hovudstaden frå 1. august som sjef for internkommunikasjon for 900 tilsette i NHO. Men først skal huset i Florø seljast og han og kona Maria skal feriere eit par veker i Spania. Han er opplagt; allereie godt brunbeisa og frisk i fargen.

– Eg har feriert i Stongfjorden, grave i hagen og gått lange turar ut over Staveneset med Maria og hunden.

Jau, Stangen har evna til å nyte dei gode sider av livet og har hatt stor glede av huset han bygde på heimegarden for nokre år sidan.

– Korleis vert du som bestefar?

– Eg trur eg vert ein god farfar. Eg gler meg allereie til å synge for barnet. Eg er glad i å synge og har sunge mykje for mine eigne barn. Song er veldig viktig for dei små, svarer Stang på sin typiske kontante måte.

Her merkar du sjeldan tvil.

Kanskje likevel litt overraskande frå ein som likar så godt å utfordre og gjerne står fram som litt over middels tøff. Han var ein rabbagast som ungdom. Få av lærarane hans på ungdomsskulen i Askvoll ville ha trudd at kranglefanten skulle gå vegen han har gjort.

– Eg var nok ein pest og ei plage for nokre av lærarane mine, vedgår han i dag.

Songgleda kom frå heimen i Stongfjorden. Både faren, legendariske Mathias Stang, som var ein av dei første tilsette i NRK Sogn og Fjordane, og mora Liv, song mykje.

– Vi er ein korfamilie. Far min var musikkutdanna, dirigerte koret i Stongfjorden, spelte gitar, fiolin og piano. Eg hadde knapt komme over stemmeskiftet før eg måtte vere med i koret. Det same måtte søskena og søskenbarna mine òg, fortel han med si klare basstemme.

Ein kort periode dirigerte han sjølv songlaget i heimbygda.

– Eg hadde ein god oppvekst, seier han i dag om barndommen på småbruket i ei bygd som før krigen husa Nord-Europas første aluminiumsfabrikk og framleis ber med seg stolte industritradisjonar og litt engelsk sus i nedgangstidene som kom etter avviklinga av fabrikken.

Både odelsguten Jan-Atle og broren Sølve orienterte seg mot ei større verd og sa frå seg odelen. Utfartstrongen vart for stor.

Stang er ein halvstudert røvar. Men NHO i fylket har hatt ein sjef som har kjent på mange av yrka på andre sida av bordet, og dessutan sett meir av verda enn dei fleste. Og slikt formar ein. Ungdomstida viser ein handlingens mann som visste å gripe sjansane. Stang var sterkt fasinert av spansk og latinamerikansk radikalisme. Etter gymnaset budde han i fleire månader i Spania for å lære språket hos broren til ein spansk kjenning frå Førde. Under studia i Bergen tok han studielånet sitt og reiste sju månader rundt om i Sør-Amerika. Det enda i ei vakker kjærleikshistorie. Den argentinske doktoren i psykiatri, Maria frå Buenos Aires, kunne ikkje gløyme den lyslugga sjarmøren frå Stongfjorden, og kom til Norge og leita han opp. Tre månader etter gifte dei seg i Bergen.

I over to tiår har Stang vore ei debattglad og tydeleg stemme for kysten, i posisjonane som journalist og redaktør i dei to avisene i Sunnfjord, og dei siste fem åra som markant regionsdirektør for NHO. Han har snakka meir og meir tydeleg for store kommunar, samanslåingar og sentraliseringar. Når han no flyttar til hovudstaden og funksjonen som regionsdirektør for fylket vert lagt under Bergen, vert det og eit naturleg punktum for bodskapen Stang har hamra på.

Men slik har det slett ikkje alltid vore.

– Du kjem frå ei solid venstrefamilie, starta i Raud Ungdom, og har sige jamt vidare via SV, til Ap. No har du enda på høgresida?

– Skal du no komme med den fortida mi! kommenterer Stang lettare irritert, men likevel med eit glis.

– Det har aldri vore noko mål for meg å meine det same. Vi vert alle påverka. Fråflytting frå utkantane har vi hatt uansett. Eg har vore sosialdemokrat lenge. No veit eg ikkje heilt kva eg skal stemme, det må vere verte Ap eller Høgre. Men eg er veldig skuffa over Ap for tida som argumenterer lite reieleg og gjer alt for å tekkast Senterpartiet.

Endå meir skuffa er han over politikken i Flora.

– I Flora tenker og stemmer folk altfor mykje med hjartet, og for lite med hjernen. Vi har forfallet med sjukehuset, med Trovik-kvartalet og so den Florøsjela. Sel dei, eller riv det ned og få opp noko nytt. Sjå kor pent det har blitt her i Byporten! legg han til.

(Samtalen går føre seg i Florøs siste tilskot på kafefronten, det nyleg opna konditoriet til Naustdal Dampbakeri som ligg nettopp i - Byporten.)

Stang legg til at han meiner ordførar Ola Teigen gjer ein god jobb.

– Men elles er det nesten berre undergravande strid og ingen vilje til å dra i same enden av tauet. I Førde er dei mykje meir samla. Førre bystyreperiode var ei katastrofe som skapte det bildet av Florø at her berre kranglar dei.

– Og kommunesamanslåinga mellom Florø og Måløy forstår eg lite av. Det ville ha vore mykje meir naturleg at Førde og Florø gjekk saman som eit naturleg og stort felles bu- og arbeidsområde.

Eg tur eg vert ein god farfar. Eg gler meg allereie til å synge for barnet.

 

Stang understrekar likevel sterkt kor glad han er blitt i Florø. Naturen, sjøen, lyset og så er her så forbaska mange kjekke folk. Også Stangen er blitt svoren Florø fotball-patriot. Går på alle kampar han kan, og kan han ikkje, følgjer han kamputviklinga på nett.

Tydeleg er han òg om den manglande viljen til å heie fram grunderar her i fylket.

– Sogn og Fjordane har færrast konkursar i Norge, men òg færrast etableringar av nye verksemder i høve til folketalet. Du skal ikkje stikke deg ut. Også lokalavisene, som vi forresten har altfor mange av, har svikta. Dei er for lite opptekne av å fortelje dei gode historiene frå eit næringsliv som vi alle lever av, refsar han.

Han har budd og jobba lenge i begge sunnfjordbyane. Han fekk journalistjobb i Firdaposten etter først å ha prøvd seg som lausmedarbeidar.

– Eg skreiv noko om bygget på kaia i Askvoll som skapte stor røre. Då sa redaktøren den gongen, Erik Stephansen, til meg:

– Eg ser du har teft, og tilbaud meg fast jobb på lokalkontoret for Førde og Naustdal.

Stang gjorde det så bra at han berre eit halvår etter fekk tilbod om jobb som vaktsjef og eit par år etter vart han redaktør i Firdaposten si mest turbulente periode. Skjelett ramla ut av skapa, opplaget hadde falle som ein stein. Saman med disponent Are Fjellestad, fekk den ferske redaktøren hovudansvaret for å rydde opp i Firdapostens første million-underskot, avvikle dagsavisprosjektet og nesten halvere staben.

– Det klarte vi nesten heilt utan konfliktar. I Firdaposten hadde dei tilsette ei realistisk forståing av situasjonen. Derfor gjekk det såpass greitt, hevdar Stang om perioden, ikkje så reint lite stolt. Vi kan vel også legge til at det gjekk bra fordi Stang sjølv tolte direkte tale tilbake, og aldri bar nag om nokon sa han imot.

Så bra tykte A-pressa om innsatsen til Stang at berre nokre år seinare fekk han sjansen som redaktør i verdas største nynorskavis. Her møtte den ferske redaktøren ein heilt annan bedriftskultur og langt større utfordringar i eit mannskap, som ikkje heilt ville godta ein sjef som kom frå ei mindre avis med så lite fartstid. Det som vart oppfatta som sjarmerande bramfri tale på kysten fekk ei heilt anna mottaking i Førde. Men Stang heldt ut.

– Eg har alltid vore lojal mot oppdragsgjevarane mine. For meg har det vore viktig.

– Du har heller aldri lidd av særleg autoritetsangst?

– Nei det har eg ikkje. Folk er berre folk, seier den tidlegare redaktøren som no skal tilbake til noko som liknar journalistikken.

Men ei historie frå slottet fortel at også Stang let seg skiple under særlege omstende. Som fersk redaktør vart han invitert til slottet og gjekk runden og presenterte seg for kongen. Men ikkje berre ein gong. Litt forfjamsa gjekk han runden ein gong til og bukka for kong Harald for andre gong.

Du kan ikkje prøve å fortelje historia om Jan Atle Stang utan å seie litt meir om reisene. Også her likar han å utfordre utanfor turistløypene. Den galne politimannen på toget i Honduras ville ha klokka til Jan Atle Stang, men måtte til slutt legge pistolen på plass. Ikkje mange turistar har vore på jeeptur med tungt kalashnikov-væpna sandinistsoldatar i Nicaragua heller. Dei store drama og sterke historiene i Sør-Amerika fascinerer han framleis. Og heimbyen til kona, Buenos Aires, må vere verdas finaste og mest spennande by, meiner NHO-direktøren.

Og så ein kuriositet til slutt: Stang har vore korporal i garnisonen i Sørvaranger, med ansvar for å sysselsette dei som kom i Kakebu. Og du skulle kanskje ikkje tru det: Her vart han også millitær meister i 12 km terrengløp!