Lyrisk klokskap og  laksevind frå havet

  • Hans H. Steinsund : Laksevind

  • Publica Bok . 2017

  • Meldt av Johs. B.Thue

I dag hentar vi truleg alt for lite kraft og trøyst frå den ide-verda som lyrikken gjev oss. Når høyrde du sist eit dikt i NRK Sogn og Fjordane? Larmen frå uskjøneleg, produktplassert og kommersiell musikk, på engelsk, møter deg allstødt, sjeldan mjuke ord som når inn til hjarta.  Vi brukar likevel lyrikken i situasjonar der nasjonale kriser råkar oss, til dømes då ein høgrepopulist frå Oslos beste vestkant skaut ned radikal ungdom på Utøya.  Kommunisten og lyrikaren Nordahl Grieg blei henta fram igjen. Kongen nyttar lyrikk i dei suverene talane sine. Erna Solberg derimot gjer ikkje det i sine nyttårstalar, slik historikaren Jørgen Norheim påviste i ein artikkel i «Syn og Segn» hausten 2016. I så måte skil ho seg ut. Økonomar les ikkje dikt.

Kjartan Hatløy frå Sørbøvåg, Hyllestad, har vunne seg eit nasjonalt namn som lyrikar dei siste åra. No stig også sulingen Hans H. Steinsund fram med sine dikt i boka «Laksevind», som nyss kom ut på forlaget Publica Bok. To moderne kystdiktarar frå vårt fylke syner veg og hentar motiv, saft og sevje, frå miljø vi kjenner. Sjølve tittelen i diktsamlinga  fortel om det nære. Laksevinden står jagande inn frå havet i vest, med regn i skyene, med smellfeit og raudkjøta laks stimande  inn fjordane etter ei eventyrleg rund- og livsreise i nordlege farvatn. Laksen fer forbi Solund , heim  til sine elvar. Instinktet er kompasset.  Vi  innfjordingar kallar denne vinden, vestavinden, for hafto sumarsdagen. Hafto og havgula er to heilt ulike vindar, såleis. Hafto er laksevinden som gav pengar og kjøpekraft til strandsitjarar.

sitat thue 

Lat det vera sagt med ein gong: Hans H. Steinsund sine dikt er meir enn leseverdige. Dei er nærmast å sjå på som aforismer, fyndord. I eitt dikt kan han skriva om «Stille løyndommar». Han fortel om ei erle som hekka lydlaust bak stova hans, under ein tett busk av purpurlyng. Så blei ho borte. «No har ho hengt opp eit sakn etter seg», skriv Steinsund. Eg blir proppfull av subjektivitet kvar gong eg skriv om slik lyrikk, som må vera ein del vår beste ,vestnorske språkarv. Økonomien i språket, kombinert med overraskande, men likevel kjende bilde, gjer oss mållause. Eg elskar slikt språk, slik bildebruk. Difor blir eg subjektiv så det held med slike bøker i hendene. Det same tema, den same bodskap, det same motiv møter vi også i sjølve opningsdiktet i boka «Vadvottane»:  «Han bestefar sa ikkje at eg elskar deg til bestemor», slår Steinsund fast. Men ei sein kveldsstund ber bestemora om at bestefaren prøver dei nystrikka vadvottane.  Han gav seg til å kjærteikna ullplagget, med dei svære nevane sine. «Mest altfor fine til å tina sild i var dei, gode tomlingar og alt» , seier han stilt. « Ja du får det til du», slo han fast han før dei bles ut lampa og gjekk til ro for natta.

Det landskapet som er Hans H. Steinsund rissar opp for oss, er hans landskap, men også ein viktig lekk av vårt nasjonale fellesgods. Her møter vi «Sjarken i Gåsvær», «Kveldsro i Hognefjorden», «Tårneskjeret». Livsvisdom alen fram gjennom tusen sjarkturar på ope hav og ved havnære strender blir samanfatta slik: « Utriveleg å liggje i andre sine bølgjer….. Likare då å styre ut/lese draftet/leite leia. Sjølv rite riper/ i ubrukt glas». Steinsund får også det å gå i fjøra til å bli eit internasjonalt møte med framande gjenstandar og eigne heimesysler: « Ei trefjøl frå Cardiff. Ein flakong frå Paris. Eit teinevak frå grannegenda».

Hans H. Steinsund sin leikande og språksikre penn har vi tidlegare møtt i skriftene frå det rike lokalhistoriske miljøet i Solund, der fiskaren og lokalhistorikaren  Alf Steinsøy (1908 – 1988) frå Buskøy brøytte veg og plasserte seg blant dei mest dugande historikarane i fylket vårt. Steinsøy utmerkar seg med det fargeriket språket sitt, som han krydrar med ramsalte observasjonar av eit strevande folk,  med ein treffande replikk på lur, sjølv i livstrugande situasjonar. Steinsøy hausta språket sitt frå det vi gjerne kallar miljøet rundt fiskarbonden. Hans H. Steinsund  gjer det same, men hans språkhaust høyrer til i vår tid, der mellom anna fritidsbåten, også på Bergens-tur, gjev nye opplevingar, nye synsrender. Diktet «Torgdag» skrik etter melodi og visesongarar. Framifrå! 

Gjennom boka «Laksevind»  syner Hans H. Steinsund seg fram som ein moderne lyrikar, der mest kvar setning eig dobbel botn og kvernar vidare i ettertanken vår. Setningane borar seg fast. Alle skulle ha eit nattbord, anten i heimen eller i båt-kahytta,  og alle skulle ha bøker liggjande på dette nattbordet. « Laksevind»  bør få ein sjølvsagd plass på slike nattbord. Godt at kysten  gjev oss gode lyrikarar også  i 2017, og at ord kan brenna seg fast i ei flyktig tid.