Slekt skal følgje slekters gong

Ho sa aldri noko spennande, gjorde aldri noko som kunne få meg til å sjå henne i eit nytt lys. (Illustrasjonsfoto NTB Scanpix)

Ho sa aldri noko spennande, gjorde aldri noko som kunne få meg til å sjå henne i eit nytt lys. (Illustrasjonsfoto NTB Scanpix) Foto:

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Det er i tida å forske i røtene sine. På NRK ser du «Hvem tror du at du er» og på Kystmuseet vert det halde temakveld om slekt. Når vi når ein viss alder vert det plutseleg mykje meir interessant å finne ut om det er sant at tipptippoldefar fekk fire barn med fire damer parallellt med dei sju han hadde med tipptippoldemor, eller kvifor farmor, som kom frå staden gud gløymde i andre enden av landet, ende opp på akkurat din heimstad. Sjølv kjende eg på at det liksom vart lukka ei dør bakover då far min døydde. Det var han som sat på kunnskapen om slekters gong, og det hender ofte eg saknar å kunne spørje han om stort og smått. Men no har det på sett og vis dukka opp ein ny kanal for innsikt - ikkje så mykje om mi slekt, meir om korleis generasjonane alt i alt liknar kvarandre og i den store samanhengen lever dei same liva.

På Facebook har du kanskje fått med deg det store arbeidet som blir gjort for å digitalisere, registrere og gjere bilda i Horne-arkivet søkbare. I fjor fekk Elsa Horne Flora kommune sin kulturpris for dette arbeidet, og ho har med seg mange frivillige hjelparar. Dei prøver, ofte ut frå tynne og skrøpelege leietrådar, å finne ut kven som er avbilda, kor dei budde, kven dei var gifte med, kven barna deira var og så vidare. Alt dette gjer dei for at eg og du og kommande generasjonar skal ha moglegheita til å finne slekta vår ved å søke digitalt. I prosessen blir mange av bileta delte på Facebook saman med ei bøn om hjelp til å leite fram naudsynte opplysningar.

Og då er vi ved poenget. Menneska på desse gamle svart/kvitt-bilda har, eller hadde, også sin plass i verda - nokre av dei i mi verd. Men når eg ser bilda som blir delte på Facebook, har tida liksom gått baklengs. Eg hugsar dei som gamle menneske, med gamle menneske si strenge personlegheit (hugs at eg var lita!): Ingenting var lov, og ingenting var moro, kort oppsummert. Men så dukkar dei opp på desse gamle bileta. Sterke, smilande og lystne på livet. Unge og ulike.

Eitt bilde har treft meg særleg sterkt: Den gamle snurpete dama eg hugsar frå min oppvekst på 70- og 80-talet. Eg tenkte at eg knapt visste om nokon kjedelegare enn henne. Ho sa aldri noko spennande, gjorde aldri noko som kunne få meg til å sjå henne i eit nytt lys. Noko av det handla nok om at vi aldri kom kvarandre nær nok til å oppdage det som utgjer eit menneske sin personlegdom. Dei små særeigne tinga som skil dette mennesket frå alle dei andre. For meg var ho berre ei gammal dame og for henne var en nok ein veslevaksen og ikkje nødvendigvis likandes unge.

Så ein dag dukka ho opp i Facebook-feeden min. I Horne-arkivet ligg nemlig ein annan versjon av henne bevart for alltid: Som småbarnsmor med sitt førstefødde barn på fanget. Eit smilande, mjukt ansikt vendt mot den vesle ungen. Så stolt! Scenen er ganske daglegdags og mindre oppstilt enn ein vanlegvis var hos fotografen og den gjekk rett i hjartet mitt, for eg såg med ein gong kven det var, trass i at bildet var teke eit par tiår før eg i det heile teke var fødd.

Plutseleg såg eg den gamle dama i eit heilt nytt lys. I ettertid fekk eg dessutan vite at barnet ho hadde på fanget døydde då det berre var nokre få år gammalt. Den største redsla vi foreldre har, den største sorga av alle, ramma denne kvinna. Det må ho ha bore med seg resten av livet.

Eg hadde nok ikkje gjort meg desse tankane for tjuefem år sidan. Ein må ha erfart korleis livet er delt inn i epokar før ein kan reflektere over og gjenkjenne dei same epokane hos generasjonane før oss. Og dei vil komme etter oss.

Og, med litt flaks, er det då min tur å vere streng gammal dame.

Artikkeltags