Det er snart tid for å bruse med fjørene

Opera: Nora Oleanne Sårheim er ei av stjernene i Florøs første opera. Her frå framsyninga «Cleopatra - utan følge». foto: david antonsen

Opera: Nora Oleanne Sårheim er ei av stjernene i Florøs første opera. Her frå framsyninga «Cleopatra - utan følge». foto: david antonsen

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Dersom du på det jamne er misnøgd med Florø sin glamfaktor, har du no høve til å vere med å legge lista litt høgare.

DEL

Laurdag 23. januar set OperaKysten opp «Der Schauspieldirektor», ein kammeropera av Wolfgang Amadeus Mozart. Det er Oda Alisøy Søvig som har regien, og mellom andre Nora Oleanne Sårheim og Trond Ramstad Olsen som står på scenen. Både før og etter framsyninga blir det mingling og bobler på Comfort Hotel for dei som vil gjere mest mogleg ut av kvelden - nemlig med OperVorspeil og OperaNachspiel.

Opera har tradisjonelt vore kjent som kultur for fiffen, og fiffen veit å kle seg (opp). Sjølv om kleskoden har vorte meir avslappa med åra, oppfordrar arrangøren til pent antrekk. «Operakysten ønsker å feire sin første oppsetning ved å bringe litt av Europas operaglamour til Florø», heiter det i Facebook-invitasjonen.

LES OGSÅ: - Ei stor ære for meg

LES OGSÅ: Spent før premieren

På vorspielet vil det forutan boblande drikke stå eit lita orientering om operaen frå regissøren sjølv på plakaten.

På nachspielet etter framsyninga er det mykje det same det dreiar seg om, stjernene vil vere til stades og kaste glans over evenementet og det vil bli musikalske innslag. Det må presiserast at sjølve operaen finn stad på Flora samfunnshus, dersom du var i tvil om det.

Då er det berre børste støvet av smokingar og gallakjolar, og følgje OperaKysten si oppfordring: «Ta på deg din fineste dress, kjole eller smoking og bli med på denne festaftenen sammen med OperaKysten!»

Artikkeltags