Fem dagars folkefest når fylkets einaste operahus fyller ti år

Kultur- og ungdomsskuleelevar held konsert torsdag 25. april, på 10-årsdagen for opninga. Men feiringa startar allereie onsdag kveld med ei verdspremiere på kino.

Kultur- og ungdomsskuleelevar held konsert torsdag 25. april, på 10-årsdagen for opninga. Men feiringa startar allereie onsdag kveld med ei verdspremiere på kino. Foto:

Konsertar, vikingutstilling og kinopremiere er noko av innhaldet i feiringa.

DEL

Tiårsjubileet til Operahuset Nordfjord blir feira heile året, med mellom anna skulemusikal og Fargespel Nordfjord i vår, og med operaen Hans og Grete til hausten. Men etter påske er alle inviterte til bursdagsfest fem dagar til ende.

Kulturministeren stod den 25. april 2009 for den offisielle opninga av operahuset. På dagen ti år etter blir det bursdagskonsert med dei 90 elevane som har valfaget Sal og scene ved Eid ungdomsskule, pluss elevar ved Kulturskulen i Eid på scena. Det er høgdepunkt frå dei tre skulemusikalane dei har sett opp i operahuset står på programmet denne dagen. Musikken skal framførast av orkester med strykarar, blåsarar og komp, totalt 30 personar, og det blir stort kor med alle elevane, solistar, duettar og grupper.

– Konserten er eit samarbeid mellom kulturskulen, ungdomsskulen og operahuset, og nettopp samarbeid er nøkkelen til kultur- og skulesuksessen i Eid, seier kultursjef og operahusleiar Geir Holmen.

Fredag blir sjølvaste Fazioli-flygelet flytta ut i foajeen, der det blir intimkonsert med sopranen Mirjam Myklebust og pianisten Erlend Os om kvelden. Dei kjem frå Frankrike og Førde heim til Eid for å feire tiårsjubileet til operahuset. Konserten er gratis, det blir bar, og på repertoaret står mellom anna Solveigs sang av Grieg og musikk av Sibelius og Puccini.

Laurdag 27. og søndag 28. april er det familiedagar. Det blir aktivitetar i foajeen, hoppeslott, kinofilmar, ope bibliotek med vikingutstilling og bursdagskafé med pølser, sveler og sjokoladekake i tillegg til popcorn og anna kinosnacks. Laurdag er det sjøsetting av Myklebustskipet, som fint kan la seg kombinere med aktivitetane i operahuset.

Men bursdagsfeiringa startar med ei verdspremiere på Eid kino: Onsdag 24. april blir kinosalen fylt med Marvel-fans som er spenn klare til «Avengers: Endgame», og den blir også vist fredag og laurdag. Asterix, Det flyvende teppe og Dumbo står òg på kinoprogrammet. Eid bibliotek har ope heile veka og helga, også søndag. Der blir det også vikingutstilling.

Artikkeltags