Har draumen i kikerten

Nora Oleanne Sårheim

Nora Oleanne Sårheim Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

I morgon tek Nora Oleanne Sårheim med seg operaen heim til Florø.

DEL

Alt i 6. klasse visste Nora Oleanne Sårheim (23) kva ho skulle bruke livet til: Opera.

No tek ho draumen med seg til Florø. For i morgon, fredag 23. oktober, går ho på scenen i Florø samfunnshus for å framføre Cleopatra sine stykke henta frå Händel sin opera Julius Caesar i Egypt. Og det er ledige billettar att å få.

- No er vi berre tre stykk som er involvert i konserten fredag. Det at vi er så få, gjer det lettare å setje opp ein opera åleine. Så skal vi sjå vidare om ikkje vi kan få til større ting etter kvart, seier Sårheim. Kva det er kan ho ikkje seie så mykje om her og no, men dei operainteresserte bør vere litt meir på vakt dess nærare vi kjem januar neste år.

- Det er jo dette som er draumen min og livet mitt; det eg ønskjer å drive med er opera. Og eg vil at Florø skal få oppleve kva som er så fantastisk med opera, seier Sårheim.

Til sommaren er ho ferdig med mastergraden sin i opera, etter seks år på skulebenken ved Griegakademiet i Bergen.

- Etter det skal eg ut og prøvesynge på operaskuler, legg Sårheim til.

Artikkeltags