Oliver Twist i kveld

Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Storsatsinga til Sogn og Fjordane Teater, teatermusikalen Oliver Twist av Charles Dickens, kjem til Florø og Svelgen denne veka.

DEL

Torsdag kveld kjem oppsettinga til Flora samfunnshus, og dagen etter reiser SoFteater vidare til Svelgen samfunnshus.

Oliver Twist er ei av dei største satsingane til SoFt nokonsinne, med nykomponert musikk og spektakulære sceneskift.

Stykket er basert på Charles Dickens' klassikar om Oliver som veks opp på eit fattighus i London, og det omsett til nynorsk av Terje Lyngstad. Trond Birkedal har regien.

Av skodespelarar møter vi mellom andre Roger Hilleren, Henrik Høie, Sara Norlin, Karl Sundby, Marius Thomassen, Gro Ann Uthaug og Jon Erling Wevling.

Oppsettinga fekk terningkast fem i VG, og Dagbladet kalla den «nesten sjokkerande bra».

Artikkeltags