– Trist, men blir godt å komme heim

Andrea Santiago frå Måløy song "Selmas sang" under norsk på norsk-utfordringa. I tillegg var ho med på partyhitlåta "Raske Briller" av Nicolay Ramm, saman med Kim Rysstad og Bilal Saab.

Andrea Santiago frå Måløy song "Selmas sang" under norsk på norsk-utfordringa. I tillegg var ho med på partyhitlåta "Raske Briller" av Nicolay Ramm, saman med Kim Rysstad og Bilal Saab. Foto:

STJERNEKAMP: Etter norsk på norsk-utfordringa, var det Andrea frå Måløy som måtte reise heim.

DEL

18 år gamle Andrea Santiago har vore den yngste i konkurransen, men denne laurdagen var det ho som drog det kortaste strået og måtte reise heim.

I norsk på norsk-sendinga hadde ho valt seg ut "Selmas sang" frå adventsserien Snøfall, og den er det Eva Weel Skram frå Sogndal som både har skrive og har originalversjonen til. Andrea fekk med seg mange gode ord frå dommarane, spesielt kveldens gjestedommar Daniel Kvammen var begeistra:

– På slutten tok det heilt av. Stemma di er fantastisk, og du er 18 år, dette er eit fantastisk utgangspunkt. Eg trur Eva Weel Skram er stolt av dette, sa han.

Og dei gode tilbakemeldingane frå dommaren har gått igjen under heile konkurransen, men laurdag kom det altså færrast stemmer til Andrea. Ho seier til NRK at ho har hatt heimlengsel, og synest det skal bli godt å komme heim. Men det er inga slagen kvinne som returnerer:

– Eg ser fram til vegen vidare, eg skal jobbe med eit album framover og det gler eg meg sjukt mykje til.



Artikkeltags