Ny digital kvardag i Svelgen

Kinomaskinist Ove-Jon Hessvik med den gamle framvisaren frå 1961.

Kinomaskinist Ove-Jon Hessvik med den gamle framvisaren frå 1961. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

No er kinokvardagen i Svelgen måla over eit heilt anna lerret for Ove-Jon Hessvik og kinogjengarane på Svelgen samfunnshus. No har kinoen blitt digitalisert.

DEL

- Det er heilt utruleg. Lyden og biletet på den digitale kinomaskina er noko heilt anna, seier kinomaskinist Ove-Jon Hessvik.

No blir det ein heilt ny digitalisert kvardag for Ove-Jon og dei andre frivillige i Svelgen kino. I tillegg til ny prosjektørsystem er lydanlegget funklande nytt etter digitaliseringa. Kinolerretet som skal på plass andre veka i mars, blir 30 prosent større. Og i staden for å få tilsendt åtte esker med film to-tre månader etter at filmen først kom ut i Norge, blir dei no tilsendt ein liten ekstern harddisk med filmen i. Det gjer sjansen for at Svelgen også vil få norgespremierer i tida framover. På lang sikt skal stolar og salen også renoverast.

Digitaliseringa har ikkje vore billeg. Film og Kino har gjennom ei støtteordning betalt vel 750.000 kroner av ein million kroner for anlegget. Det skal betalast attende med avdrag. Støtta er gjeve med klausul om at det skal vere minst 50 framsyningar i året. I tillegg til desse utgiftene kjem lerret til 135.000 kroner som Svelgen Kino må betale sjølv.

Totalt sett kostar digitaliseringa Svelgen kino kring 1,2 millionar kroner. Men det er det verdt, seier styreleiar Bjørg Didriksen i Svelgen samfunnshus.

- Dette anlegget er like bra som i byen. Standardhevinga handlar om å gje folk i Svelgen eit så godt kinotilbod som mogleg er. Spesielt viktig er det, når vi snakkar om å halde på ungdommen i kommunen. Vi vil gje ungdommen her eit attraktivt fritidstilbod.

Artikkeltags