Husflidsdamer står saman

Nosfo si handarbeidsgruppe fekk 10.000 kroner frå Husfliden. F.v. Modliv Bjøvik, Jorunn Bjerk, Hamdi Olad, Laila Anita Schønhardt, Ingebjørg Gjerdset.

Nosfo si handarbeidsgruppe fekk 10.000 kroner frå Husfliden. F.v. Modliv Bjøvik, Jorunn Bjerk, Hamdi Olad, Laila Anita Schønhardt, Ingebjørg Gjerdset. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Den internasjonale handarbeidsgruppa fekk 10.000 kroner frå Husflidslaget.

DEL

Dei to siste åra har kvinner frå mange land møttest på kunst- og handverksrommet på Flora ungdomsskule for å halde på med handarbeid - og for å drikke te, prate og bli kjende med kvarandre. Initiativet kom i si tid frå både norske kvinner og Nosfo (Norges Selvhjelp for Flyktninger Organisasjon). Nokre er heilt ferske i kunsten, medan andre har mykje kunnskap dei kan dele med dei andre. Dei har fått donert ein god del garn og stoff opp gjennom, og no har altså Flora Husflidslag sett av 10.000 kroner til dei.

Det var Ingebjørg Gjerdset, Laila Schønhardt og Modliv Bjørvik som kom for å overlevere pengane, som vart samla inn på den tradisjonsrike husflidsmessa like før jul.

Handarbeidsgruppa fortel at dei vil bruke pengane til å kjøpe seg forskjellige materialar - stoff og garn, hovudsakleg - og moglegvis blir det ein lita utflukt. Då ser dei for seg at dei har lyst å besøke eit museum eller nokon som driv med handverk.

På samlinga onsdag i førre veke feira dei gåva.

Nosfo si handarbeidsgruppe fekk 10.000 kroner frå Husfliden

Nosfo si handarbeidsgruppe fekk 10.000 kroner frå Husfliden Foto:

Artikkeltags