- Forstår at foreldre blir utrygge

Grete Herlofsson, generalsekretær i Norske Kvinners Sanitetsforening.

Grete Herlofsson, generalsekretær i Norske Kvinners Sanitetsforening. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Norske Kvinners Sanitetsforening inviterer til ope møte for "storbarnsforeldre".

DEL

Måndag 17. oktober inviterer Flora sanitetsforening, Krokane sanitetsforening og NKS Sogn og Fjordane sin kvinnehelsekomité til ope møte på Flora samfunnshus om korleis ein som foreldre kan vere gode rollemodellar for barna i den ofte utfordrande ungdomstida. Det er mange krav til dagens barn og unge om å vere perfekte og prestere på mange ulike arenaer.

På møtet vil Grete Herlofsson, generalsekretær i Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS), innleie, og i tillegg deltek helsesøstrene frå ungdomsskulen i Flora og to psykologar frå BUP (Barne- og ungdomsspsykiatrisk poliklinikk). I tillegg vert det vist film med tips og råd.

- Når nybakte foreldre reiser heim frå sjukehuset med sin vesle, manglar det ikkje på gode råd, bøker og nettsider med tips om alt frå bleieutslett til babymassasje. Men etter kvart som barna veks til, endrar foreldrerolla seg og råda vert færre, påpeikar Herlofsson, som ikkje synes det er rart om foreldre vert utrygge i rolla:

- Det er forståeleg det, når vesle Lise lagar trutmunn til mobilkameraet eller Anne har ei plastisk operert realitystjerne ved namn Kardashian som sitt store idol.

Det er lagt opp til at dette skal vere eit ope møte, der ein tek ei felles refleksjonsrunde på slutten og opnar for diskusjon.

- Vi ønskjer alle at barna våre skal vere nøgde og lukkelege. Det er berre så mykje meir krevjande å vite korleis ein som foreldre skal bidra når det ikkje lenger er snakk om å stogge svolt eller kle på barnet varmt ulltøy, seier Herlofsson.

Denne dagen er det for øvirg også markering av NKS sitt 120 års jubileum, mellom anna med utstilling frå det gamle helsehuset i Markegata i foajeen på Flora samfunnshus.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken