Simen kjem til samfunnshuset med jazz i blodet og trompeten i neven

JAZZTALENT: Simen Kiil Halvorsen er ein av våre mest lovande jazzmusikarar for tida.

JAZZTALENT: Simen Kiil Halvorsen er ein av våre mest lovande jazzmusikarar for tida. Foto:

KULTUR: Inspirasjonen var ein morfar med trompet. No er Simen Kiil Halvorsen ein av våre mest spennande unge jazzmusikarar

DEL

Søndag kveld blir det jazz i speilsalen på Flora Samfunnshus. Frå Stavanger kjem Simen Kiil Halvorsen med sitt ensemble Scripted Conversations. Det er ein kvintett der Halvorsen er komponist og bandleiar. Musikken er ein samtale mellom musikarane seier han.

– Det fine med jazzen er at individa kjem veldig godt fram. Det handlar om å finne si eiga stemme. Scripted Conversations er musikk som formidlar mitt uttrykk, men samtidig er det ope, leikent og gir god plass til dei andre musikarane. Det ligg i namnet, det er ein samtale mellom oss musikarane.

Fekk Mølsterprisen

Scripted Conversations er namnet både på bandet og prosjektet, som starta med at Simen Kiil Halvorsen fekk Mølsterprisen under MaiJazz i 2015. Med prisen følgde ein konsertbestilling til festivalen året etter, og resultatet var Scripted Conversations. Både ein konsert og ein plate, Halvorsens første, som fekk strålande kritikkar. Det er denne musikken dei no reiser rundt på Vestlandet med i ein liten miniturné i regi av Vestnorsk Jazzsenter. Chet Baker nemnast som eit referansepunkt både av kritikarar og komponisten sjølv.

– Korleis er det å vere jazzmusikar i 2018, der i alle høve popmusikken verkar å bli stadig meir kommersiell. Er jazzen litt skjerma frå alt dette?

– Det er ikkje platesal vi lever av for å seie det slik. Det er konsertar. Platene blir litt meir som visittkort, men vi sel framleis litt plater på konsertane våre. No gav eg akkurat ut ein ny plate med det andre hovudprosjektet mitt, Past Present. Den er gitt ut på eit selskap frå Slovakia, og dei seier at i Tyskland og aust i Europa er det litt annleis. Der kjøper dei framleis ein del CD-ar, så det blir spanande å sjå.

Bestefar med trompet

Trompettalentet fortel at musikkarrieren fekk si spede start i seksårsalderen, takkete vere ein musikk, kunst og jazzinteressert familie, og ikkje minst ein bestefar med trompet.

– Eg har ein morfar som spelar trompet på hobbynivå, så det starta nok der. Så blei det kulturskule og den vanlege vegen. Eg kjem frå ein familie som er veldig interessert i kunst, kultur og jazz. Eg har frå tidleg alder gått på kunstutstillingar og konsertar, så det var eigentleg heilt naturleg for meg.

Musikken har blitt leveveg for Halvorsen. Han er i dag tilsett ved fakultetet for utøvande kunstfag ved Universitetet i Stavanger, og har fleire jazzprosjekt gåande. Søndag kjem han til Florø for første gong. Det gler han seg til.

– Eg har aldri vore i Florø, men eg har ei venninne som jobba der nokre år. Eg har høyrt mykje fint om byen og samfunnshuset. At det er eit fint bygg der det skjer mykje spennande. Konserten blir den siste på denne turneen vår, så vi bør vere godt samspelt. Eg trur det blir bra, og gler meg til å kome.

Artikkeltags