Hugsar du «Bye, bye Johnny»? No kjem 80-talsheltane til Florø

80-talsheltane i Return kjem til Flora samfunnshus i mars.

DEL

Rockeheltane i Return skal i år ut på turné for å markere 40 år med powerballadar.

Turnéen har fått tittelen «Sing me a song - 40 years on the top», og ein av stoppestadane vert Flora samfunnshus og kinosalen. Hit kjem dei 5. mars.

Return er eit av Norges mestselgande rockeband, og dei feirar seg sjølv med akustisk turné no i 2020.
I 1980 starta fire gutar frå Stange å spele i band med ein draum om å bli rockestjerner. Med powerballadar som «Bye Bye Johnny», «Sing Me A Song» og «Can You Forgive» skulle draumen gå i oppfylling. Låtane har gjort Return til eit av Norges mestseljande rockeband gjennom tidene.

På årets turne tar dei med publikum på ei reise gjennom bandet si eventyrlege historie, med video og bilde frå heile karrieren. Mange av klippa er frå bandet sitt private arkiv og er aldri vist tidlegare.

Bandet sin musikkstil har heldt seg gjennom nesten tre tiår; dei har halde fast ved den typiske 80-tallsrocken og powerballadane.

I 2000 gav dei ut Best of Return som selde over 100.000 eksemplar, og utover på 2000-talet opplevde dei ein ny vår. I 2005 kom albumet «Return», og i 2007 c/dcd-en «Best of both world».
Dei siste åra har dei spelt 30-40 konsertar årleg, og besøkt arrangement og festivalar i heile landet. Tilbakemeldingane frå både fans og presse tyder på at bandet aldri har vore betre.

Return er for tida i studio, der dei jobbar med nye låtar som kjem ut i løpet av vinteren og våren 2020.

Return består av Knut Erik Østgård på vokal og gitar, Henning Ramseth på gitar og kor, Tore Larsen på bass og kor og Øyvind Håkonsen på trommer.

src="https://www.youtube.com/embed/gLunWzfTa54" frameborder="0" allow="accelerometer; autoplay; encrypted-media; gyroscope; picture-in-picture" allowfullscreen>


Artikkeltags