Benny Borg kjem til Florø

Benny Borg speler i Florø tysdag 1. oktober og i Måløy onsdag 2. oktober.

Benny Borg speler i Florø tysdag 1. oktober og i Måløy onsdag 2. oktober.

FLORØ: Han skal hylle Erik Bye.

DEL

Samarbeidet mellom kulturhusa i Måløy og Florø er verkeleg i gang. Først ut som følge av dette Kinn-samarbeidet er Benny Borg som tolkar Erik Bye sine songar. Han speler i Florø tysdag 1. oktober og i Måløy onsdag 2. oktober. Det skriv kulturhusleiar Ronny Silden Totland i ei pressemelding.

Benny Borg kjem til Florø med historia om Erik Bye: «Med lun humor, varm beundring og ekte medfølelse syng og fortel Benny Borg om ein av sine store heltar. Med stor respekt for arven hans skapar Benny Borg eit portrett av den legendariske kunstnaren med ord og tonar. Førestillinga Erik Bye kallar på latter og på tårer, den bideg til at Erik Bye sin arv blir halde varm for kjennarane, og den vil garantert skape et nytt publikum blant yngre generasjonar», skriv arrangøren om konserten.

Andre konserten i serien av Kinn-konsertar er PK Naturfagrocker. Han kjem med flammar, smell og røyk og har show i Måløy laurdag 5. oktober, deretter i Florø søndag 6. oktober. Om han skriv arrangøren «Med nye eksperiment, ein god porsjon humor, galskap og ikkje minst kunnskap kan ein ikkje anna enn å la seg begeistre når ein entusiastisk PK viser fram flammar, røyk, smell og konkurransar på ein måte som berre han kan!»

Artikkeltags