"Musikantane er tøffe i trynet, det likar eg"

Av
Artikkelen er over 14 år gammel

FLORØ: Dei var yngst av alle, med 12 år i gjennomsnitt, og hadde aldri konkurrert før. Musikantane pressa igjennom deltakinga i fylkesmeisterskapen. – Dei har vist dei kan stå for det dei bestemmer deg for. Det står det respekt av, seier dirigent Fay Løvseth.

DEL

Dag etter dag med øving, terping og krav frå dirigenten var gløymt på ein augeblink laurdag. For Svelgen skulemusikk var mildt sagt i villreie der dei stod midt på golvet i Florahallen under premieutdelinga laurdag kveld.

Målsetjinga var å nå 76 poeng. Noko anna enn sisteplassen var dei ikkje budde på. Dei var trass alt ikkje kvalifiserte til nivået der dei konkurrerte.

Dei smadra målsetjinga og fekk fjerdeplassen i 3. divisjon med sterke 89 poeng. Dei hausta spontan jubel frå 700 musikantar, alle glade for å få Svelgen med i korpsmiljøet igjen. Dette vart reint for mykje for debutantane. Gledestårene rann, dei kasta seg om halsen på kvarandre, og det var ikkje råd å få ei samanhengande setning ut av nokon.

– Det er berre heilt&ufatteleg!

Gjekk bra

Med sine nystrokne lyseblå korpsuniformar kom dei vel 30 musikantane frå Svelgen Skulemusikk til Florø tidlegare på dagen. Yngst av alle og utan erfaring skulle dei delta på Sogn og Fjordane meisterskapen for skulekorps for første gong.

– Vi skulle eigentleg vore i 4. divisjon, men sidan ingen stilte i 4. divisjon i år valde vi 3. divisjon. Vi ville ikkje vere i vurderingsklassen, seier Signe Sortevik. (14). Ho fortel dei er budd på det verste.

– Vi tenkjer ikkje på dei andre korpsa. Vi har sett oss eit mål om å oppnå 76 poeng, seier Signe og dei andre musikantane meinte målsetjinga var innan rekkevidde med full klaff. Under oppvarminga i festsalen på Samfunnshuset var det ein spent gjeng som gjekk igjennom dei to nummera "El Paso" og "Blåmann".

Ferdig

Etter konkurransen var det nokre utladde musikantar vi snakka med.

– Det gjekk bra, trur eg, seier Benedicte Grindheim, usikker på korleis dei låg an.

– Vi er i grunnen berre her for å oppleve, seier Susanne Sagebø.

– Vi spurde om vi kunne få lov til å brenne notane etter konkurransen, men det fekk vi ikkje, humrar Henriette Olsbø Frøyen. No var det nokre lange timar før sensorane skulle avseie dommen. Loddet var kasta, og dei kunne ikkje gjere noko til eller frå.

Lukkeleg

Vi treffer att dirigent Fay Løvset i Florahallen. Saman med eit par jenter i korpset les dei vurderinga frå sensorane for n-te gong.

"Fin brass og komposisjon, fin klang. God rytmisk presisjon. Det låter fint i korpset. 89 poeng"

Ho har vore både sint, sur og pirkete i forkant, men denne kvelden var det berre takk og klemmar.

– Dette var langt i overkant av kva eg hadde venta. Musikantane eg har er rett og slett fantastiske. Det er dei som eine og åleine står for det vi har klart i dag, seier ei ikkje så reint lite rørt Fay Løvseth.

Brass-nestor i fylket, Johnny Sælemyr, kalla prestasjonen til Svelgen formidabel. Han vedgår at han kjende til potensialet, likevel kom dei frå inkje og presterte langt over det dei hadde trudd dei kunne, når dei skulle.

– Dei som har fått med seg gledesrusen til Svelgen-musikantane veit at Svelgen er blitt ei korpsbygd å rekne med. Og dei har ein dirigent dei verkeleg må ta vare på, poengterer Sælemyr.

Artikkeltags