Sjå kven som kjem til Malakoff til sommaren

Madrugada.

Madrugada. Foto:

No spørs det om tenåringane må tole at foreldra deira dukkar opp på favoritt-festivalen.

DEL

Sjølvaste Madrugada med Sivert Høyem i spissen gjer eit etterlengta comeback og er det første artistnamnet som blir sleppt til Malakoff 2019.

Bandet skal spele på nokre festivalar neste år  i høve markeringa av 20-årsjubileumet til bandets legendariske debutalbum; Industrial Silence. Albumet gjekk i 1998 rett inn på førsteplass på VG-lista og er eitt av dei beste og viktigaste albuma i norsk rockehistorie.

- Å endeleg kunne ynskje Madrugada velkommen til Malakoff er utruleg stas, og gir oss ein strålande start på årets bookingprosess, seier ein særs nøgd festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

 I løpet av dei 10 åra bandet eksisterte gav Madrugada ut fire studioalbum til, der det siste albumet «Madrugada» vart påbegynt og kom ut eit år etter at gitarist Robert Burås døydde i 2007.

På sine ti år som band låg Madrugada kontinuerleg i toppsjiktet av norske band, både innanfor og utanfor Norges grenser. Dei har mellom anna motteke til saman fem Spellemannprisar, inkludert «Årets Spellemann»

Malakoff 2019 vert arrangert 18.-20. juli og billettsalet startar i dag.

Artikkeltags