Kven synest du skal få Luttprisen i år?

VINNAR: Kjartan Laurtizen, Luttpris-vinnar i 2017

VINNAR: Kjartan Laurtizen, Luttpris-vinnar i 2017 Foto:

KULTUR: No ber NRK deg om å komme med din favoritt.

DEL

NRK inviterer deg til å nominere artistar til Luttprisen - årets artist frå Sogn og Fjordane. Du kan nominere alle utøvande artistar som kjem frå fylket. Det var Kjartan Lauritzen frå Balestrand som vann prisen i fjor. Då var det elleve nominerte, og det kom inn 12.500 stemmer i konkurransen.

Blant kriteria for prisen er at dei nominerte har vist tydeleg att i Sogn og Fjordane det siste året. Det skal også telje som pluss om ein har fått nasjonal eller internasjonal merksemd.

For å nominere ein artist sender du ein e-post merka Luttprisen til lutt@nrk.no. Legg gjerne med ei grunngjeving.

Prisen vert delt ut på Larris Scene i Førde laurdag 19. januar, og vinnaren får 25.000 kroner og eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim.

Her er dei tidlegare vinnarane:

2016: Eva & The Heartmaker

2015: Good Time Charlie

2014: Thea Hjelmeland

2013: Karl Seglem

2012: Vreid

2011: Eva Weel Skram

2010: Sigrid Moldestad

2009: Håvard Lothe

2008: Generous Days

2007: Sigrid Moldestad

2006: Eva Weel Skram

Artikkeltags