Thea vann Luttprisen for andre gong

Thea Hjelmeland vann Luttprisen for andre gong (sist i 2014).

Thea Hjelmeland vann Luttprisen for andre gong (sist i 2014). Foto:

FØRDE: – Eg tar aldri noko slikt for gitt. Mest av alt vil eg takke Sogn og Fjordane.

DEL

Artisten Thea Hjelmeland var veldig glad då det viste seg at det var ho som stakk avgarde med Luttprisen. Prisen fekk ho for albumet "Kulla", som kom ut i fjor haust og fekk knallkritikkar frå eit samla anmeldarkorps:

"Stort betre kan det ikkje gjerast", skreiv Aftenposten og trilla ein seksar.

Luttpris-vinnaren blir kåra av ein fagjury og ein folkejury i fellesskap, og folket har denne gongen levert nesten 9000 stermmer. Den blei delt ut laurdag kveld på Larris Scene i Førde under eit stort show der fleire andre kjende namn deltok, mellom dei Line Dybedal, Odd-Erik Lothe og Frida Hunshammer.

"Både låtane og tekstane til Thea er knallsterke, og konsertane hennar har vist at ho også gir publikum heilt unike opplevingar både frå scene og sal", heitte det mellom anna i grunngjevinga. Prisen er eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest, og eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim.

Årets nykommar vart det unge rockebandet Jackbow frå Eid, og Elida Høgalmen frå Oldedalen fekk Furorestipendet på 50.000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

Artikkeltags