Lovar dampande flott festivitas

FLEIRE: Sander Ødeline lovar at det blir fleire båtar på Fjordsteam i Florø, enn det var på Fjordsteam Stavanger.

FLEIRE: Sander Ødeline lovar at det blir fleire båtar på Fjordsteam i Florø, enn det var på Fjordsteam Stavanger. Foto:

FLORØ: Atløys Venner kan love Florø-folket ein heidundrande festival i Florø 5. til 8. august. Det er duka for tidenes første Fjordsteam i Kystbyen.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Fjordsteam-ølet er ferdigbrygga og veteranbåtentusiastane er klar.

– Alt er klart og vi er budde! opplyser leiar i laget, Sander Ødelien. Om det kjem lite eller mykje folk har ikkje noko å sei. Økonomisk er alt i boks.

200 veteranbilar og 44 båtar

Med 200 veteranbilar og til no 44 veteranbåtar blir det nok for folk å sjå på. For dei som ikkje er båt- eller bilinteressert har festivalen likevel mykje å by på.

Det blir konsertar med Sigrid Moldestad, sommarrevy med blant anna Øyvind Angeltveit og gjengen frå Flora-revyen.

På dagtid skjer det mykje, både for store og små. Paradar med veteranbilar kjem til å køyre gjennom Strandgata. Ei mengd med gamle veteran-brannbilar kjem også til Florø. Til ære for barna vil dei tilby små køyreturar med brannbilane.

På laurdag blir det iscenesett ei historisk brannutrykking til Rådhuset. Kanskje må dei redde ordføraren?

Det blir og ei kappkøyring med motor- og dampbåtar på Florøvika.

Viser fram gamle næringar

Fjordsteam-festivalen vektlegg å vise fram dei gamle næringane. Laurdag blir det «Bondens marknad» på Torget.

– Det blir sal av alt muleg rart, fortel Ødelien.

Det vil også haldast kurs i tradisjonelt sjømannsarbeid. Ein kan då lære seg alt ifrå spleising av tauverk til å lage skikkelege knutar.

I løpet av festivaldagane kan folk velje og vrake i båt og bilturar. Det blir arrangert utflukter til dei fleste øyane utanfor Florø. Bremanger og Stavenes vil også få besøk. Heile Fjordsteam-veka er det lagt inn heile 37 stoppestader.

– Billettar til turane er allereie mogleg å få kjøpt på Turistinformasjonen, fortel ein ivrig Ødelien. Dei er ikkje dyre, kjem til å koste om lag 100 kroner turen.

Gåve til jubileumsåret

Det er ti entusiastar frå Atløys Venner som står bak Fjordsteam-festivalen.

– Vi ville også gje noko til florøfolket i jubileumsåret. Vi har ikkje noko mål om å tene pengar på dette. Går vi i pluss er vi nøgd, fortel Ødelien.

– Er du ikkje redd for ein ny Tall Ships?

– Absolutt ikkje! seier Ødelien kontant. På grunn av måten vi har organisert dette på, slepp vi å setje oss i gjeld for å få det til.

Atløys Venner har alliert seg med store delar av lokalsamfunnet.

– Røde Kors tek seg av parkering og liknande, Bistro To Kokkar har ansvar for skjenking og matsal. Eventfirmaet Hipp, Hipp Flora arrangerer Sommarrevy og rockeklubben tek seg av konsertane. Atløys Venner har eine og åleine med båtane og gjere. Det er rett og slett ein dugnad, konstaterer Ødelien.

Fjordsteam-konvoien startar i Bergen onsdag 4. august. Den er venta til Florø rundt 17:00 på torsdag ettermiddag. Båtane kjem nokolunde samla inn til byen.

Artikkeltags