Lokalt sax-talent tok proff-utfordring

Vebjørn Leite Olsen stilte på ungdomsskulen sin julekonsert med eige band. Her saman med Anders Grotle.

Vebjørn Leite Olsen stilte på ungdomsskulen sin julekonsert med eige band. Her saman med Anders Grotle. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

I kveld står han på scenen saman med jazz-profilen Ole M. Sandberg og hans trio på Flora samfunnshus.

DEL

15-åringen Vebjørn Leite Olsen begynte å spele saksofon fordi det var kult.

– Men også fordi eg ville utvikle meg, og fordi eg hadde lyst å spele i Florø Storband der pappa (Trond Ramstad Olsen journ.anm.), spelar trombone, forklarar Vebjørn.

Torsdag står han på scenen i Flora samfunnshus med kontrabassisten Ole Marius Sandberg og hans trio. Sandberg gav nyleg ut plata «Or better still»?til gode kritikkar, og i forkant av den no pågåande turnéen gjekk han ut og ønska seg forsterkningar frå lokale musikkmiljø langs vegen:

– Har de gode barytonsaksofonistar, så kom og spel med oss! var utfordringa frå Sandberg.

Vebjørn plukka opp hansken via ein annan florøværing, Wenche Høidal, som jobbar på kulturskulen i Bergen.

– Wenche ringde og spurde, og det var ikkje så vanskeleg å seie ja, fortel Vebjørn.

Det er fløyte som er det eigentlege instrumentet hans - saksofonen plukka han opp for tre år sidan. No grugledar han seg til torsdag kveld, som han seier:

– Eg høyrer ein del på jazz, men kanskje ikkje så mykje den heilt rolege jazzen som Sandberg spelar, sjølv om eg likar det òg.

Det er Kenny G som er den store sax-meisteren i Vebjørn sine augo.

– Han inspirerar meg, han har ein personleg vri på musikken sin, og han verkar veldig jordnær. Han tek musikken veldig seriøst, sler Vebjørn fast.

Det er ei eksklusiv lita liste som får besøk av den bergensbaserte nordlendingen Sandberg denne gongen. Starten gjekk på Voss onsdag, så følgjer Florø, Balestrand, Bergen og Øystese i rask rekkjefølgje.

Artikkeltags