Lover full invasjon når Vilnes kjem til Vesle Kinn

KULTUR: Han har blitt genierklært i England. Andre seier han leverer indiepopmagi. Torsdag tek han med seg bandet sitt til Florø og Vesle Kinn.

DEL

Den siste singelen hans har vore spelelista hos NRK, men foreløpig er det kanskje i utlandet han har skapt størst bølger til no. Indiepop-bloggar og radiostasjonar har kasta seg over mannen frå Atløy, erklært han for å vere eit geni, og nyleg blei han nominert til årets mannlege artist av ein engelsk radiostasjon. Snart står han på scena på Vesle Kinn, saman med bandet sitt. Manageren hans, Gaute Singstad, trur at dette blir ein konsert for historiebøkene.

Full pakke på scena

– Dette trur eg blir ein slik konsert der enten var der, elles så var du der ikkje. Den kjem til å bli snakka om i lang tid etterpå. Han kjem med heile bandet, det blir full invasjon med seks musikarar på scena, og det er eit svært potent band! Vi hadde lyst til å køyre full pakke når vi først skulle hit til Vesle Kinn og den utvida heimebanen til Vilnes.

For Vilnes, eller Eivind Vilnes som er hans fulle namn, kjem frå Sogn og Fjordane. Frå Atløy for å vere heilt nøyaktig. Her markerte han seg for første gong som soloartist for sju år sida. Låten hans, Evasive Mind vann ein månadspris i låtkonkurransen Bandwagon, og i eit intervju med Firda fortalde musikaren at musikkinteressa har vore der sidan han var åtte. Ambisjonane kom i 13-års alderen.

– Du kan ikkje høyre berre éin song, og tru at du har høyrt alt. Uttrykket mitt er ikkje så definert. Men du skal vite at det er meg, uansett kva song du høyrer. Det prøvar eg å få til, sa Vilnes den gongen.

Skjedd mykje på eitt år

Gaute Singstad har jobba med Vilnes sidan hausten 2018. Han fortel at det har skjedd mykje på det året. Vilnes og bandet hans viste seg første gang på scena under Blest 2019. Seinare fylte dei klubben Underlig i Bergen, og det er det ikkje mange som gjer seier Singstad.

Deretter vart dei inviterte til Bergenfest og Øyafestivalens Klubbkveld. På denne kvelden blir klubbene i Oslo fylt opp med nye lovande band. Meir enn hundre band var i aksjon, og Vilnes var ein av berre 12 artistar som blei tilrådd av Øyafestivalen.

For eit par veker sida spelte dei på Larris i Førde. Då kom det 55 førdianarar for å høyre på. På Vesle Kinn håper Singstad på fullt hus.

– Vi snakka om at vi skulle sende berre Vilnes sjølv opp med gitaren, men vi ville servere det beste vi har. Eg synest det er jævlig kult at vi gjer det, og eg synest det er kult at Vesle Kinn gjer det dei gjer. Eg håper folket i Florø skjønar kva for ein perle dei har der, og eg håper dei kjem på konsert på torsdag.

Artikkeltags