«Konfliktar skuldast som regel menn sine sjølvbilde»

NRK-veteran Hans Wilhelm Steinfeld.

NRK-veteran Hans Wilhelm Steinfeld. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

I kveld står Hans Wilhelm Steinfeld på scena i Flora samfunnshus for å fortelle om sine erfaringar frå russisk kultur.

DEL

Han har blitt servert kaffi av Putin, drukke vodka med Jeltsin, og han har kjent Gorbatsjov sidan 1975. I dag torsdag kan du høyre Hans-Wilhelm Steinfeld fortelle om sitt fantastiske liv som korrespondent i Russland og på Balkan. Men noko særleg uroa for den tøffe tonen frå aust dei siste åra, er han ikkje.

– Det er klart, vi lever i usikre tider internasjonalt. Dette er noko eg kjem til å ta opp i delen av føredraget eg har kalla «tillitens visittkort gjennom 1000 år med godt naboskap». Når du ser på relasjonane mellom Norge og Russland har det stort sett vore godt alle desse åra. Målt mot denne underliggande strømninga blir det som skjer i dag krusningar på overflata, seier Steinfeld.

Men det er klart, ein kan ikkje snakke om Russland utan å snakke om konfliktar. Dei har hatt sin del desse opp gjennom tida, seinast når det gjeld rabalderet om Krim-halvøya.

– Veldig ofte skuldast konfliktar internasjonalt menn sine sjølvbilde, difor kjem eg til å diskutere den russiske mannens sjølvbilde, seier Steinfeld.

Men, strekar han under, det går ikkje an å snakke om det russiske sjølvbildet utan samstundes å nemne den russiske humoren.

– Det er eit hav av vitsar og anekdotar 300 millionar russarar og tidlegare sovjetborgarar har høyrt, men som resten av verda ikkje har høyrt noko om, poengterer Steinfeld.

Sist, men ikkje minst, kjem han til å ta føre seg forholdet mellom president Donald Trump og Vladimir Putin.

– Det kan bli eit skikkeleg rabalder. Dei to tenker ganske likt. Det er også ein del understrømningar i både det amerikanske og russiske samfunnet som er ganske like, seier Steinfeld og strekar under at han faktisk trur valet av Donald Trump kan roe det stadig hissigare forholdet mellom aust og vest.

– Når Trump seier til amerikanarane at han nødigst vil involvere USA i konfliktar utanfor dei amerikanske grensene, er dette musikk i Putin sine øyre. Så må vi hugse på at den nye amerikanske utanriksministeren, Rex Tillerson, faktisk har den høgaste sivile utmerkinga i Russland. Den fekk han då han var president i Exxon Mobil. Det som er positivt med dette er at moglegens, og eg strekar under moglegens, kan personkjemien mellom Trump, Tillerson og Putin føre til ei raskare avslutting av denne nye «kalde krigen» vi har vore vitne til i det siste.

Men så er spørsmålet, kven fryktar Hans Wilhelm Steinfeld mest av Trump og Putin?

– Vi kan ikkje trekkje forhasta konklusjonar om Trump så tidleg i presidentperioden hans. Men eg vil gjerne sitere min venn generalløytnant Kjell Granhagen som sa han er meir uroa for Trump enn for Putin, avsluttar Steinfeld.

Artikkeltags