Florø opnar famnen

Frå venstre husøkonom Kjellaug Risøy, kokk Bernice Bedie og F&B-manager Magne Kirkeeide på Quality Hotel vil gjere alt som står i deira makt for at alle som er innom hotellet kommande helg skal kose seg.

Frå venstre husøkonom Kjellaug Risøy, kokk Bernice Bedie og F&B-manager Magne Kirkeeide på Quality Hotel vil gjere alt som står i deira makt for at alle som er innom hotellet kommande helg skal kose seg. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Men ikkje utan tallause timar med førebuingar. Mange, mange detaljar må på plass for å utgjere den store, fargerike veven Himmel og Hav-helga er.

DEL

Det skal eit solid apparat til for å ta i mot dei fleire tusen menneska som vil til by'n kommande helg. Vi har snakka med nokre av dei som brukar tid og krefter på å syte for akkurat det - frå han som nyttar kvar ledig time av fritida si til å skru saman bord og benkar så du har noko å sitte på medan du nyt silda di, til beredskapsetatane som må vere klare dersom det skulle hende ei ulukke.

276 meter sildebord

Vi kan gjerne starte med Rune Kvammen. For det er han som dei siste fem-seks åra har snekra saman 120 sildebord. Om ein set alle etter kvarandre vil ein komme 276 meter av garde. Det vil vere rikeleg til å møblere Strandgata frå inst til ytst - det skal visstnok vere 255 meter frå Haavehuset («Windjammer-hjørnet») til punktet der Strandgata møter Fugleskjærgata. Tidlegare produserte Rune borda på Fugleskjærkaia og lagra dei hos K. Jansen. No har han fått seg ei «snikkarbu» berre eit par minutt frå huset i Hamgregata.

– Då kan eg stikke innom når eg har ein halvtime eller ein time ledig. No manglar eg tre bord i år.

Og det er ikkje berre Sildebordet som har nytt godt av Rune si manglande evne til å sitte stille - omtrent alle grendelaga i øyane har bord som han har snikra. Dessutan har han ei annan viktig funksjon denne helga: Til dagleg er han nemleg mannskap hos Florø Skyssbåt, som fraktar Kinnaspel-publikumet att og fram frå øya. Meir om dei seinare.

Du er sjølvsagt ikkje av dei som kastar frå deg silderestane, kaffibegeret eller ispapiret ditt på gata. Men med så mange menneske samla på ein stad, vert det også ein del griseri. Det må nokon ha tenkt på før helga er der. Sigmund Solheim på teknisk drift i Flora kommune fortel at dei som er ansvarlege for arrangementet også har ansvar for å sjå til at der er nok bosspann. Både under Sildebordet og Laksens Dag brukar det å vere tett mellom søppelspanna i byen. Men det er kommunen sine folk som tømmer. Og det er dei som er ute og feiar gatene før dei mest uthaldande natteravnane har tenkt på å avslutte, slik at livet kan falde seg ut på blanke ark, så og seie, dagen etter.

– Feiinga må vere over klokka sju. Er det veldig skite, må mannskapet starte før klokka er fem. Gjengen på uteseksjonen gjer ein kjempejobb - det gjer dei heile året, men det blir ekstra mykje arbeid på dei slike helgar, for vi må bruke det mannskapet vi har, skryt Sigmund.

Til lands og til vanns

Ein skulle kanskje tru at politiet hadde hendene fulle med så mange feststemte menneske i byen. Men slik er det faktisk ikkje, i følgje politioverbetjent Synnøve Domben:

- Klart vi oppbemannar slik at vi har tilstrekkeleg med folk på vakt. Men sjølv om dette er eit svært populært arrangement med mange tilreisande, har det vore svært få uheldige episodar opp gjennom åra.

Sjølve kraftsenteret, må det vere lov å seie, er det store, gule hotellet på kaikanten i hamna. Quality Hotel Florø er smekk fullt, frå midt i veka og utover. Alle rom er fulle av fulle av både artistar, skodespelarar og kvarmannsen som anten skal på Sildebord, på Kinnaspel, på konsertar - eller alt saman. Det er fullt trøkk i Haavebua, restauranten er full og det yrar av folk i lobbyen.

– Ja, det er det som er spesielt med denne helga - det trøkk over alt samstundes. Det er krevjande, men også veldig kjekt - for det er jo stor aktivitet og det er slik vi likar det! seier direktør Jonas Alander.

Men mykje må planleggast. Food and beverage-manager Magne Kirkeeide fortel at mesteparten av førebuingane hos dei handlar om logistikk - og forsikrar at dei er i rute.

– Det handlar om å få på plass ekstra barar, ekstra kjøleskåp og ekstra personale. Til vanleg er det to personar på jobb i restauranten - denne helga er det ti. Romavdelinga må ha nok handklede, sengeklede, såper, glas... Vi bestiller inn rundt 1000 liter øl til denne helga, og råvarer til kjøkkenet for mellom 50.000 og 60.000 kroner, røpar Magne.

– Du som gjest skal ha den same opplevinga når du forlet oss, anten det er ein stille laurdagskveld eller ein kveld med fullt trøkk. Vi skal levere på nivået vi gjer til vanleg, sler han fast.

Og skulle han no ha gløymt å bestille inn nok kaffifilter eller lime til drinkane, veit han at det er hjelp å få.

– Vi som driv i denne bransjen, hjelper kvarandre der vi kan om nokon manglar eit kvart.

Nokon som ikkje kan gå å fest denne helga, er mannskapet til Florø Skyssbåt. Den intense økta startar allereie onsdag for dei - då byrjar prøvene i det grøne landskapet mellom kyrkje og skarpskorne fjell. Mellom 120 og 140 personar skal fraktast fram og tilbake mellom Florø og Kinn. Alle dei tre båtane til reiarlaget er i bruk.

– Ja, vi brukar det vi har av materiell og alle tilsette er i sving, bekreftar Paal Skorpen.

I tillegg til dei tre båtane dei sjølve disponerer, leiger han inn Fjordglytt frå Fjord1 til passasjertrafikk laurdag og søndag - og han har også ein femte båt i bakhand om det skulle vise seg naudsynt. Skulle det bli vise seg at det er den helga sommaren kjem, vert det mykje folk, spesielt lokale.

– Eg har alltid likt den helga, eg synes det er kjekt med så mykje folk, smiler Paal.

Den tidlegare partnaren hans, Frode Valvik, som gjekk bort i januar 2014, var borte ein einaste gong frå denne helga, fortel Paal. Det var i 1996, då dottera Amalie melde sin ankomst akkurat denne helga. I år fyller Amalie 19 år - og er med på å frakte folk fram og tilbake som matros i Florø Skyssbåt.

Enno er det mange vi ikkje har nemnt. Alle dei som steiker sveler på Kinn, dei som ordnar køa ved båtane, sildekomiteen som bookar tivoli og sørgjer for at det er sild nok til alle, brannvesenet som spyler gatane når det trengs, rockeklubben som bookar inn band og sjauar utstyr i timevis for at vi skal få gode konsertopplevingar...

Dei skal ha så mange, mange takk frå alle oss som på grunn av dei ikkje treng å tenke på særleg anna enn om vi har plass til litt meir sild eller tid til eit glas vin til.

 

Artikkeltags