Er tilbake i mars

Ikonisk:  2006-revyen «Heilt propell» var den sjuande i rekkja og baud mellom anna på dette smått legendariske ballett-nummeret med (f.v.) Hans Erik Stenseth, Alv Inge Hegrenes, Bengt Solheim-Olsen, Trond Ramstad Olsen og Torgrim Larsen.foto: jon h. sørlandd¬  ¬  ¬  ¬  ¬  ¬

Ikonisk: 2006-revyen «Heilt propell» var den sjuande i rekkja og baud mellom anna på dette smått legendariske ballett-nummeret med (f.v.) Hans Erik Stenseth, Alv Inge Hegrenes, Bengt Solheim-Olsen, Trond Ramstad Olsen og Torgrim Larsen.foto: jon h. sørlandd¬ ¬ ¬ ¬ ¬ ¬

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Du veit du ventar på noko, men du veit ikkje kva du har i vente.

DEL

Men det gjer Florarevyen, heiter det på revygjengen si Facebook-side.

Kjem ulven?

Revyskribentane manglar ikkje stoff når dei no går på ei ny runde med underhaldning til glede for florøværingane:
«Rådhuset forfell og ordføraren må snart sove ute heile året. Bergen tek politiet vårt, Oslo tek resten. Ulven kjem! Men heldigvis har vi zumba- og yogagjengen i byen som kan roe nervane våre - og lære Florø Fotball kamasutra-stillinga...»


Revygeneral Per Øyvind Helle er godt nøgd med å vere i gang med ein ny revy-årgang.
– Absolutt! Og vi er ekstra glade for å vere tilbake i mars månad, med to framsyningshelgar, slik vi meiner det skal vere, erklærer han.
Som alltid knyter det seg stor spenning til kven vi får sjå på scenen denne gongen, og Helle bekreftar at mange av dei kjende og kjære «stjernene» skal få utfalde seg også i år:


– Vi veit vi får med Bengt Solheim-Olsen, Trond Ramstad Olsen, Arild Tyvold og Ingvar Hopland, forutan meg sjølv. Kurt Midtbø er også tilbake i år. På spinnesida er Oda Alisøy Søvig med også i år, det same er Beate Solheim Grønnevik. Ann-Kristin Takle Wintertun er tilbake etter eit opphald, og vi vil få med ytterlegare ei ny dame som vi ikkje kan avsløre heilt enno, seier Helle.
Både gamle og nye figurar vil dukke opp under showa som går 13-14 mars og 20-21 mars.

Ny regissør

I mange år har det vore Øyvind Angelstveit frå Lompelandslaget som har hatt den smått omfattande oppgåva å ha regi på den viltre gjengen. I år ser det ut til at gjengen har fått seg eit nytt overhovud: Trond Hanssen.
– Det er omlag nittini prosent sikkert at det blir han. Han har stor revyerfaring, så dette gler vi oss veldig til, seier Helle.
Dei har også fått med seg bandet dei hadde i fjor.


Så då er det berre å gle seg til mars. Då vil svaret på mange spørsmål byen i vest har stilt seg den siste tida:
Er verkeleg Florø og basen klare for den siste olje? Skal vi leggje oss ned og dra inn årane? Nei, ikkje honen, om Flora-revyen får bestemme.
Til sist vil Helle oppfordre folk til å ta kontakt dersom dei har stoff å bidra med:
– Vi synes jo vi er flinke, men det betyr ikkje at ikkje vi tek i mot innspel utanfrå, oppfordrar han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken