Tone har fyr til deg

Tone Ulriksen Standal gler seg til ho kan ønskje velkommen til Kvanhovden fyr igjen i midten av juli. Då skal alt vere på stell.

Tone Ulriksen Standal gler seg til ho kan ønskje velkommen til Kvanhovden fyr igjen i midten av juli. Då skal alt vere på stell. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Dei gamle fyra langs kysten lever på luft og kjærleik. Salt havluft og kjærleg omsorg frå slike som brenn for kystkulturen. Men det det nyttar ikkje heilt utan pengar, og no har Kystverket brukt opna pengepungen for Kvanhovden.

Elskar fyra, men er redd på sjøen

Ho som elskar akkurat dette fyret heiter Tone Ulriksen Standal. Ho er i praksis Kvanhovden Fyrlag, eit underbruk av Kinn Kystlag. Tone innrømmer glatt at ho ikkje ante kva ho gjekk til då ho i 2009 takka ja til å overta ansvaret for det nordlegaste fyret i Flora kommune, eitt av dei høgastliggande i landet. Men ho har ingen problem med å forklare kjærleiken sin.

Mot sør ligg Store-Batalden og resten av øyriket. Mot vest er det lite anna enn hav og solnedgang, viss du er heldig. Her mot nord ser du til naboen Bremanger.

Mot sør ligg Store-Batalden og resten av øyriket. Mot vest er det lite anna enn hav og solnedgang, viss du er heldig. Her mot nord ser du til naboen Bremanger. Foto:

- For meg er fyra kystens slott. Eg synest fyra er det vakraste som finst langs kysten vår. Det har å gjere med oppgåva fyra har hatt og framleis har for dei som ferdast på sjøen; tryggleiken ein føler når ein ser eit fyr. Iallfall eg, som er levande redd på sjøen! tilstår ho, fødd og oppvaksen på Fanøy.

Sitat 

Når ho kjem til Kvanhovden denne onsdagen først i juni, er fyrbustaden frå 1895 kvitare og finare enn på lenge. Huset er blitt vaska og malt med t o strøk. Taket er rett og slett vakkert, med dus, nylagd skifer. Og også nokre av vindauga er skifta. Godt og vel 500.000 kroner har Kystverket brukt på å sette bygningen i stand til vidare bruk. Det vil seie, ein god del av budsjettet går med til å få på plass dei materialane som trengst for å gjere jobben. Sjølv om Kvanhovden, i motsetnad til Stabben og Ytterøyane på sett og vis kan seiast å vere landfast, finst det ikkje veg ut til fyret. Anten får du frakta det du treng ut på nordre Kvanhovdevågen med båt og ber det på ryggen opp den grusomme bakken til fyret eller så ber du det frå Hovdevågen den vesle timen det tek å gå derifrå.

Jernhest søkast

– Alt vi har hatt bruk for har vi bore på ryggen. Alt frå spisebord og senger til sementsekkar og fliser, seier Tone.

Difor er det slett ikkje rart at ho blir svært interessert i «jernhesten» – også kjend som bensin-trillebår – som DVI Service frå Måløy har anskaffa seg i samband med akkurat dette oppdraget.

– Eigentleg tenkte vi å bruke helikopter. Men så såg vi at dette kunne vere ei god løysing, og då vart det slik, seier Brosteanu Andrei Codrut frå Måløy-firmaet, medan han fôrar Tone med pris og tekniske fakta om jernhesten (23.000 kroner inkludert moms og ein lastekapasitet på 350 kilo).

– Tenk om nokon ville ha sponsa meg med ein sånn, sukkar Tone.

noko av det første Tone gjekk laus på då ho kom til Kvanhovden, var flaggstonga. Ordna festet, skrapa rust, målte den kvit og reiste den igjen.

– Det prioriterte eg fordi det har noko med verdigheit å gjere. Når ei flaggstong står der og er ihelrusta, er det trist.

Sidan vart gamle murveggar skrapa for kalk og flislagde. Ein av dei to cisternene i kjellaren vart fullstendig reinska og rehabilitert slik at den no er drikkevatn-godkjend. Den andre står for tur. Madrassar og senger er skifta ut – fyret har no sengeplassar til 11 personar – eller max 15 om nokre søv på luftmadrassar. Koppar og kar er blitt supplert slik at ein no kan dekke til 15 personar. Mykje inventar er skifta ut og ein del sengeklede er kjøpte inn.

– Alt vi har gjort innvendig og kjøpt inn, kjem frå pengar vi har fått inn på utleige. Det vi får inn her blir investert i fyret.

Tida har stått litt stille på kjøkkenet i fyrbustaden. Hadde Besta di ei slik hylle på kjøkkenet?

Tida har stått litt stille på kjøkkenet i fyrbustaden. Hadde Besta di ei slik hylle på kjøkkenet? Foto:

Senioringeniør Svein Gunnar Vallestad i Kystverket synest det er flott at nokre brukar tid på å ta vare på desse symbola.

– Det er jo litt verre no enn det var før då det var folk på fyra heile tida. Vi er sjølvsagt interesserte i at fyra blir nytta, og synest det er flott at eldsjeler legg ned mykje tid i dette – slike folk har ei uvurderleg betydning, slår han fast.

I dei tre vestlandsfylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har Kystverket til saman 22 fyrstasjonar. Rundt halvparten av dei er freda – Kvanhovden er ikkje eitt av dei. Vallestad vedgår at nokre av fyra har stått lenge utan tilsyn og vedlikehald, men held på at dei fleste av fyra ikkje er i så verst stand.

– Dei som ikkje er det, er ofte utilgjengelege. Då er det gjerne også vanskeleg å finne leigetakarar, så det er ikkje alltid berre det at det manglar pengar. Men no har vi fått nokre signal om at det kan komme litt ekstra i den NTP'en som skal gjelde frå neste år. Då kan vi få høve til å ta tak i fleire bygg, seier han håpefullt.

For tre år sidan fekk Stabben ei sårt tiltrengt oppussing etter at det vart avdekka lekkasjar i tårnet på bygget i 2010. Fyret er no i relativt god stand, og mogleg å leige til selskap og liknande. No har Kvanhovden fått sin make-over og tek i mot besøkande med opne armar. Men Ytterøyane har det vorte gjort lite etter at det vart automatisert i 2004, som det siste i dei tre vestlandsfylka. Likevel kan det vere håp også for Ytterøyane, skal vi tru Vallestad:

– At vi ikkje har leigeavtale på Ytterøyane, handlar nok delvis om i landstigningsforbodet som følge av at det er eit fuglereservat. Men no pågår det faktisk undersøkingar for å sjå om det er mogleg å få til ei prøveordning; vi har nokon som er interesserte i å leige, avslørar han, men legg til at det førebels ikkje har komme noko handfast ut av det.

For Tone betyr innsatsen til Kystverket ein motivasjon for å jobbe vidare for fyret «sitt».

– Ja, det motiverer meg veldig! Når Kystverket tek eit slikt skikkeleg løft, så kjenner eg at eg får eit løft i arbeidet også.

Og det kjem vel med, for planane er mange: Rydde verkstaden og lage soverom der. Få inn ein skikkeleg omn. Sage ved til omnen. Skifte ut kjøleskapet. Og så vidare. Og så vidare.

Kvanhovden fyr

Innseglingsfyr oppretta i 1895

Automatisert i 1980

Fyret ligg ca. 40 meter over havflata

Fyret har kjøken med komfyr, kjøleskap og frys. Det er eitt soverom i hovudetasjen og to på loftet. Det er også eit bad på loftet

Ein kjem til Kvanhovden ved å ta rutebåten til Hovden, deretter må ein gå Nordsjøløypa, som er svært godt merka, anten frå Hovdevåg (bereknt ein liten time) eller frå Barekstad (berekn to og ein halv time)

For å leige Kvanhovden kan ein anten ta direkte kontakt med Tone. Frå midten av juli reknar med å vere klar til å leige ut fyret igjen

Artikkeltags