Kystkultur på sitt beste

VELSMAKANDE "SØL": Fem kokkar frå tre restaurantar slo seg saman og frista med wok laga av kystmat. - Sjølvsagt blir det søl! smila Terje Andersen. Til venstre medkokk, Tore Skarstein.

VELSMAKANDE "SØL": Fem kokkar frå tre restaurantar slo seg saman og frista med wok laga av kystmat. - Sjølvsagt blir det søl! smila Terje Andersen. Til venstre medkokk, Tore Skarstein. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Tenk om alle laurdagar var som denne.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

På laurdag var det matfestival i Florø, i samband med årets kystkulturmesse, som gjekk over heile helga.

Lyden av «Knut Ingvars Rock 'n' Roll band» som engasjerte alle dei minste med sin versjon av «Petter edderkopp» , sette stemninga på torget når ein ankom byen.

- Velkomne ombord! smilte Evy Nybakk på landgangen til den nyoppussa linebåten, «MS Nybakk». Dei baud på fiskesuppe, medan «Haugefisk» frå Bremanger baud på brasiliansk Bacalao og torsketunge. Også denne båten var nyoppussa og fyllt med eit stolt mannskap frå Bremanger som gjerne ville fortelle sin den av kystkultur-historia.

Her kunne ein mellom anna slå av ein prat med veteranen Jan Nybø, som har vore mannskap på båten, som ein gang var den første bygd med autoline, i tjue år.

Lengre opp i gata kunne ein smake blåbærpølse av hjort frå Sunnfjord eller lage blomsteroppsats på Hageselskapet sin stand. Smilande FSK-jenter solgte kaker til inntekt for klubben, og dei som ville kunne prøve segling eller ein båttur med kjendisen «"Elias».

Tenk om alle laurdagar kunne vore som denne!

Sjå kva meir som skjedde på kystkulturmessa:

BILDE: MMMmm...festival

BILDE: Stemningsrapport frå festivalen

Rekordmange på kystdag

Artikkeltags