I dag opnar ho utstilling i Florø, med broderi og biletkunst frå Kinn og Stabben

Den anerkjente biletkunstnaren Britt Smelvær var med å starte Vevringutstillinga i 1979. Sidan den gong har ho gjort mykje spennande på kunstfronten. Fredag opnar ho utstilling på Kystmuseet i Florø.

DEL

Flora Kunstlag opnar utstilling med biletkunstnar Britt Smelvær på Kystmuseet i Florø fredag 24. mai.

Utstillinga har fått tittelen «Eg kjem jo eigentleg derifrå, eg…» -  Omkring båten hans far.

Biletkunstnaren Britt Smelvær, f. 1945, er oppvaksen på industristaden Årdal i Sogn, men har nære slektsband til Stavøya og til Smelværet ytst i Sunnfjord.

– Ho svara raskt ja då vi inviterte ho til å stille ut i Florø, med orda «eg kjem jo eigentleg derifrå, eg…». Dette vart så tittelen for utstillinga, og motiv som er henta frå området her, er med i arbeida ho viser, fortel Flora Kunstlag.

Gjennom ulike bearbeidingar med fotografi og grafiske teknikkar, i broderi og i 3-dimensjonale objekt, skaper ho bilde som det er lett å relatere til. Dei fortel om minner, om å kjenne tilknytinga og ha røtene sine festa i miljøet her ved kysten, og ei lengt til det som var i barndomen.

- Men óg om det å erindre, å samle på, og å pleie minna, bygge inn det som er viktig å ha med seg i minnet, slik vi alle gjer det når identiteten vår byggast, same kor vi kjem i frå, skriv kunstlaget i ei pressemelding.

I 1970 busette Britt Smelvær seg i København, og både i Noreg og i Danmark er ho godt kjend frå eit aktiv og svært produktivt kunstnarskap. Ho har laga store utstillingsprosjekt i lag med Kunstnargruppa Transit i Danmark frå 1082. Og ho var ein av «dei 4 fyrste» som starta Vevringutstillinga i 1979. Sidan har ho stilt ut der kvart 10. år, og skal delta igjen no i september, då dei har 40 års jubileum.

Kunst i ulike materiale

Ho er utdanna innan vev, og arbeidde først med tradisjonelle teknikkar og materialar. Men frå 1980-talet av, har Britt Smelvær stadig utvida rammene for tekstil kunst, gjennom ei iherdig utforsking i tema, materiale og teknikkar. I plexi-glas, papir, tre, naturfiber og metall, vart det store romlege installasjonar, og det vart kunst ute i landskapet, og etter kvart også prosjekt med maleri, foto og grafikk. Ein kan likevel sjå igjen det tekstil-relaterte i arbeida; i det konstruktive i oppbygging, i bruken av ulike former for ”trådar”. Like eins ornamentikk og repeterande motiv i rutenett.

Arbeida hennar får alltid si heilt særeigne uttrykkskraft, i sitt enkle formspråk, i rytma, og i den reine, finskårne utforminga. Og dei vert vakre, - ofte heilt betagande uttrykk å ta inn!, skriv Flora Kunstlag om kunstnaren.

«Britt Smelvær gi´r skønheden i gave til betragteren. Hun kan ikke lade være», uttalte den danske kunsthistorikaren  Grethe Grathwol i 1998.

Som nyskapande innan tekstilfeltet, fekk ho eit professorat på Institutt for Tekstil på Kunsthøgskolen i Bergen 1993 – 97, der ho inspirerte kommande tekstilkunstnarar til å forske vidare i materialar og teknikkar.

Smelvær har utført mange store utsmykkingsoppdrag i offentlege bygg i kring i Noreg.

– Her viser ho at kunst og bygningsrom verkeleg kan vere integrert og spille saman, og gje menneska som skal vere i romma, ei forankring i sanseopplevingar av lys og luft, volum og rytme, meiner kunstlaget.

– For Flora Kunstlag er det ei stor oppgåve og ei glede, å vere arrangør for utstillinga, og vi ser med forventing fram til opninga.

Salsutstillinga varer til 29. september.

Artikkeltags