Kulturprisen til Bjarte Sindre

Bengt Solheim Olsen delte ut årets kulturpris til Bjarte Sindre for det framifrå og allsidige kulturarbeid over lang tid.

Bengt Solheim Olsen delte ut årets kulturpris til Bjarte Sindre for det framifrå og allsidige kulturarbeid over lang tid. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Bjarte Sindre fekk kulturprisen til Flora kommune for 2011. Ungdommens kulturpris gjekk denne gongen til Ungdomshuset Haffen. Medan Fjord1 Fylkesbaatane og sivilarkitekt Kjell Hareide delte byggeskikksprisen for det nye tilbygget til Fylkesbaatane i Stranda.

DEL

- For framifrå, livslang og allsidig innsats for kulturlivet i Flora, ja heilt på nasjonalt nivå, sa leiar for hovudtvalet for kultur Bengt Solheim-Olsen i talen sin til prisvinnaren under 17. maifeiringa på Florø stadion.

I Florø Turn og IF har Sindre vore aktiv, trenar og med i den administrative leiinga. Det same gjeld for FSK.

Han var med og starta frimerkeklubb i byen, har vore aktiv i sjakklubben, engasjert i teaterarbeid, skodespelar i Kinnaspelet og drive svært aktivt som forfattar og artikkelskribent, i det siste også med fleire historiske romar.

Kulturutvalsleiaren drog også fram Sindre sin innsats som kulturformidlar i den lange gjerninga som rektor ved Flora gymnas og seinare Flora vidaregåande skule.

Sindre sjølv takka for den store æra.

Rørt Sindre

- Eg er heilt rørt. Det er ei stor ære å få denne prisen, i lag med alle dei andre som har fått han før. Eg kan ikkje tenkje meg nokon by det er rettare å dele ut ein slik pris i enn i vår kommune. Vi såg det under byjubileet, då det eine meir fabelaktige arrangementet avløyse andre, sa Sindre.

- Med ein slik pris følgjer også plikter. Samstundes som prisen gjev inspirasjon, og vil vere til god hjelp i vidare arbeid. Eg har fleire store prosjekt på gang, fortalde Sindre.

I år vart det ikkje delt ut tverrkulturell pris. Men Neptun 4 H fekk eit par tusen kroner for beste innslaget i folketoget.

Pengane til Afrika

Pengane skal gå til eit vassprosjekt organisasjonen er i gang med i Afrika, fortalde jentene som tok imot prisen.

Jan Henrik Nygård delte ut blås grøn prisen til Lions, 5000 kroner gjekk både til ein gut og ei jente i 10. klasse ved ungdomskulane i Florø og Eikefjord som ikkje fekk utslag på alkotestane 16. mai.

125 10.klassingar var med på testen på politistasjonen i år

Artikkeltags