For første gong har Dag dikta - no gir han ut roman

NESTEN HEIME: Dag Nestegard har tilbragt mykje tid på Kinn og øyane ettersom onkelen hadde hytte i Årebrotsundet.

NESTEN HEIME: Dag Nestegard har tilbragt mykje tid på Kinn og øyane ettersom onkelen hadde hytte i Årebrotsundet. Foto:

KINN: Det er ikkje første gong at kyrkja på Kinn og sagna rundt den freistar ein skjønnlitterær forfattar. Men ingen har knytt desse elementa saman med arabisk kultur før.

DEL

Det gjer svelgenforfattaren Dag H. Nestegard når han no romandebuterer. I "Songen frå Toledo" møter vi to historier: Rammeforteljinga ligg nærast vår eiga tid , der ein egyptisk sjeik kjem til Vestlandet på 20-talet for å leite etter eit manuskript som har forsvunne. Og han finn sjølvsagt noko på Kinn. Noko som kan vise seg å få dramatiske følgjer for samarbeidet mellom kristne, jødar og muslimar. I den andre historia teiknar Nestegard eit bilete av korleis kyrkja kan ha blitt bygd: På 1100-talet kjem ei gruppe keltiske munkar siglande frå øya Iona utanfor Skottland.

To tidslinjer

– Eg har halde på med manuset i mange år, innrømmer forfattaren.

Det er ikkje det at han ikkje har gitt ut bøker tidlegare - biografiar om både flygarpioneren Tor Solberg og politikaren Kjell Opseth har sprunge ut frå journalisten Nestegard sin penn. Men det er første gong han skriv skjønnlitterært. Og det er ikkje berre enkelt.

– Nei, det er vanskeleg! Som journalist skal det du set på trykk vere hundre prosent sant. 1100-talet var veldig kaotisk her i Norge; kjeldegrunnlaget frå den tida er veldig tynt. Det er klart, då kan ein jo også tillate seg å dikte meir når ein skal få ting til å henge saman og ingen kan komme og seie at det er feil eller rett. Men det å få det til å bli litteratur - eg har ikkje noko godt svar på korleis ein gjer det. Eg veit ikkje om eg sjølv har greidd det, heller!

Boka er ei kjærleikserklæring til arabisk kultur, seier Nestegard, samstundes som han oppgir ein lokal inspirasjon for arbeidet: Einar Seim. Kinn-bonden, som levde mellom 1885 og 1978, var den første som oversette koranen til nynorsk og hadde heile livet ansiktet mot verda sjølv om han hadde kvardagen sin i eit lite og til dels vanskeleg tilgjengeleg samfunn. Nestegard har sjølv vore mykje i Egypt - han har vore Midtausten-korrespondent og laga i 2007 ein dokumentar saman med NRK-fotografen Mohammed Alayoubi, der mesteparten av opptaka var gjort i Egypt. Sjeik Ibrahim i boka er bygd på ein egyptisk intellektuell; Gamal Al-Banna.

– Alt det sjeiken seier i boka, har eg frå Al-Banna. Han er ein aktiv og liberal muslim og eit fantastisk menneske.

Spent på reaksjonen

Samstundes får vi altså ein teori om korleis kyrkja kan ha blitt bygd når vi følgjer abbeden i eit keltisk kloster og mannskapet hans som siglar over havet til Kinn. Men kva er årsaka til at boka kjem no?

– Historia må ut, eg kunne ikkje berre legge den frå meg. Og så er det noko eige når ein står med ei bok i handa som ein har skrive sjølv. Men om eg skal skrive fleire romanar, veit eg ikkje, seier Nestegard, som allereie er i gong med ei ny faktabasert bok for Samlaget.

Og som sunnfjording vedgår Nestegard at han er ekstra spent på reaksjonane lokalt.

- Det er klart eg blir nervøs. Det kan vere folk synes det er nokre elendige greier. Men ein må jo vere litt modig! No har eg skrive ein roman, og om folk likar det dei ser og synes at boka er spennande, då har eg greidd det. Men eg håpar at mi begeistring for Kinn og og Florø kan smitte over på lesaren.  Det er noko med galskapen, humoren og den anakistiske grunnhaldninga til livet der ute som eg synes er fascinerande.

Her er eit lite utdrag frå boka:

"– Manuskriptet De har under armen, fekk Daniel Defoe til å skrive ned forteljinga om Robinson Crusoe. Kodeksen De har i skrinet blir rekna som den første filosofiske romanen.

– Eg les nok ikkje så mykje av den slags, svarar Faye.

– Det vil eg rå Dykk til å revurdere. Teksten skal vere forløparen til den europeiske danningsromanen og har inspirert såpass ulike intellektuelle som Newton, Kant, Voltaire, Marx og Kipling. Thomas Hobbes og John Locke også. De kjenner sikkert til desse forfattarane?

– Nei.

Faye føler seg dum og irriterer seg over at sjeiken er så opphengd i boka. Vanlegvis blir gjestane han tar med til Kinn, slått av kor vakkert det er her ute, med det vesle gudshuset og storhavet, himmelen og horisonten mot vest. Sjeiken ser ut til å vere upåverka av stemninga på øya og berre opptatt av andre ting. Dersom han likar det han ser, seier han i alle fall ingenting om det.

– Boka er eit tidleg varsel om den industrielle revolusjonen og opplysningstida.

– Vi skal vidare rundt svingen, seier Faye."

Dag H. Nestegard

Frå Svelgen, bur i Ås i Akershus.

Cand.mag. frå Universitetet i Oslo.

Master i litteratur frå Høgskolen i Vestfold.

Har også studert radiojournalistikk ved medielinja i Volda.

Har vore journalist i Firdaposten og i NRK, der han var nestleiar i utanriksredaksjonen og korrespondent i Midtausten.

Informasjonssjef i Redd Barna.

Har vore presserådgjevar for samferdsleministrane Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) og Liv Signe Navarsete (Sp) og taleskrivar for fiskeriministeren.

Laga dokumentaren "Vekkelsen" for NRK. Gav i 2013 ut biografi om flygarpioneren Thor Solberg og i 2016 om politikaren Kjell Opseth.

Artikkeltags