Vel inne i sin andre sesong er koret Koriander i støtet som aldri før.

Koret er starta som ein del av den positive og skapande bølgja som fløymer over Eikefjord for tida, under mottoet ”Vi kan og vi vil, og folk frå Eikefjord får det til”

Og vi får det til!

Fyrstkomande laurdag er koret klar med si fyrste heilkvelds framsyning nokosinne!

Tittelen Korsprell borgar for ei framsyning med stor spennvidd frå vakker og intens korsong i ”What a wonderful world” til den meir jazza ”Spinning weel”, og til smektande ”Kjersti lill”.

Innimellom kornumra vert det ”sprell” med rykande ferske og aktuelle revyinnslag, der vi kommenterer stort og smått i kommunen.

Mellom anna er vi inne om det oppheta forholdet mellom tyske turistar og Flora på den eine sida, og etablering av fleire tyske etablissement i Florø på den andre sida. Det må berre bli ompa ompa!

Sauehaldet har sin sjølvsagde plass, med dyrehelse i sentrum!

Dersom nokon lurer på kva som kjem ut av ”Sunnfjord 2020”, så har vi dei gode løysingane på det.

Den som har lese avisene i det siste har vel og fått med seg at grendalaget er aldeles ”steingalne”, og vi spør: får dei aldri nok.

Eit ”Korsprell” må ha tonefølgje, vi hentar sjølvsagt også det frå Eikefjord. Geir Aage Hovland spelar piano både til ein del av korsongane og til revyinnslaga.

Frå Det norske Arbeidarparti og Eikefjord Grendalag har vi fått klarert kveldens dirigent, og han heiter sjølvsagt Brigt Olav Samdal. Ingen parti eller lagsmøter på laurdag, då er det ”korsprell” som gjeld. Kanskje blir det og ein tenor-arie å høyre frå ”gullstrupen” vår??

Koriander er krydder – Lat oss få krydre laurdagskvelden for dykk.