Skal fylle Strandgata med sørafrikanske rytmar

FK Field Band Fredskorpset Førde Norge Norway South Africa Sør-Afrika band korps music musikk workshop

FK Field Band Fredskorpset Førde Norge Norway South Africa Sør-Afrika band korps music musikk workshop Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

I dag skal 27 korpsmusikarar og dansarar frå Sør-Afrika spele med lokale musikarar i Florø sentrum.

DEL

I dag kjem 27 musikarar og dansarar frå det sørafrikanske korpset Field Band Foundation for å vise fram rytmar frå sørspissen av det afrikanske kontinentet. Med seg har dei blåseinstrument, trommer og dansarar, og saman skal dei lage liv og leven i Florø sentrum.

Klokka seks vert det oppvisning ved byporten med lokale musikarar og dansarar, før det klokka sju onsdag kveld vert tog gjennom Florø sentrum til Haavebua.

Paraden er eit resultat frå ein workshop i Førde.

Korpset i seg sjølv er ein del av ein organisasjon med 26 band over heile Sør-Afrika, og har særleg fokus på dei fattigaste delane av dei største byane i landet, som Cape Town, Johannesburg, Port Elisabeth og Durban. Målet til organisasjonen er å halde ungdommen vekke frå kriminalitet og eit vanskeleg liv.

Korpset har vore partnar med Fredskorpset i ei årrekke, og det er dei som har henta bandet til Norge på utveksling med musikkorpsforbundet. 1. august flyttar Fredskorpset offisielt hovudkontoret frå Oslo til Førde, og dette er starten på eit samarbeid med Førdefestivalen.

Artikkeltags