Det var ikkje eit ledig sete att og dei som hadde fått billett fekk oppleve einnstrålande konsert.
Det var gåsehud blant publikum når Koriander med solistar hadde invitert til konsert i Eikefjord kyrkje under opningsdagen av Eikefjorddagane fredag. Det offisielle talet på publikum var etter det vi fekk opplyst 300. Det uoffisielle talet var nærare 400, men som nemnd er dte eit tal som ikkje passar med den offisielle røyndomen. Fakta var at Koriander fekk trampeklapp for konserten og måtte til og med hoste fram eit ekstranummer på sparket for å temme publikum.
Vi kjem attende med meir om konserten i tekst og bilder.