Gå til sidens hovedinnhold

No kjem han tilbake

Artikkelen er over 2 år gammel

Odd-Erik Lothe kjem for å halde konsert hos broren.

Viss ein då veit at broren er Espen Lothe, krev det ikkje så mykje å rekne seg fram til at Eid-artisten skal ha konsert på Vesle Kinn.

Det skjer laurdag, og anledninga er at han har sleppt ei ny plate - "Songar". På utestaden si Facebook-side blir artisten omtala som ein "allsidig artist med base i eit utvida visebegrep." Han har gitt ut musikk sidan midt på 90-talet, og er kanskje mest kjend som låtskrivar og vokalist i bandet Fabel. Dessutan er han med i Finn-Erix, satirebandet til Finn Tokvam, og femtitalsbandet Green Granadas, men kan òg vise til ei respektabel solo-karriere.

For snautt to og eit halvt år sidan, då Lothe heldt konsert på Kinn Bryggeri, var han åleine. Denne gongen har han med seg seljeartisten Line Dybedal. Ho vil også spele fleire av sine songar, i tillegg til å synge saman med Lothe.

Plata "Songar" er ei oppsummering av Lothes musikalske liv. Dermed skulle det vere gode sjansar for å få høyre favorittar som "Jordbær og Grasbrann" og "Sukker og salt" liveframført - eller kanskje du oppdagar noko nytt?

Kommentarer til denne saken